Klipperruta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klipperruta som blei følgd av skip som sigla mellom England og Australia eller New Zealand
I seglskutetida reduserte Brouwer-ruta, utvikla av Hendrik Brouwer i 1611, reisetida mellom Kapp det gode håp (Dutch Cape Colony) til Java (Dutch East Indies) frå nedten 12 månader til rundt 6 månader i høve til den tidlegare monsunruta.

Klipperruta var den tradisjonelle ruta segla av klipperskip mellom Europa og Det fjerne Austen, Australia og New Zealand. Ho var avleidd frå Brouwer-ruta. Ruta gjekk frå vest til aust gjennom Sørishavet for å dra nytte av dei sterk vestavindane i roaring forties. Mange skip og sjøfolk gjekk tapt i dei harde tilhøva langs ruta, særleg ved Kapp Horn, som klipperane måtte runda på tilbakevegen til Europa.

Klipperruta blei mindre viktig etter innføringa av dampskip og opninga av Suez- og Panamakanalen. Ho er likevel den raskaste segleruta rundt verda, og har derfor blitt brukt i fleire yachtløp, som Velux 5 Oceans Race og Vendée Globe.

Australia og New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Klipperruta frå England til Australia og New Zealand, med retur via Kapp Horn, gav den raskaste jordomreisa i verda, og kunne dermed gje stor vinst. Mange korn-, ull- og gullklipperar siglde denne ruta, og vende tilbake med verdifull last på relativt kort tid. På den andre sida medførte ruta, som gjekk sør for dei tre kjende kappa Kapp det gode håp, Kapp Leeuwin og Kapp Horn og mykje av tida gjennom Søirshavet, også den største risikoen, der skip kunne bli utsette for sterk vind, store bølgjer og isfjell. Denne kombinasjonen av dei raskaste skipa, den største risikoen og den størte vinsten gav ruta eit særskilt skin av romantikk og drama.[1]

Utfart[endre | endre wikiteksten]

Skip som rundar Kapp Horn

Ruta på utfarten gjekk frå England til Aust-Atlanteren der ho kryssa ekvator omlag ved St. Peter og St. Paul-øyene, rundt 20 grader vest. Med ei god seglingstid kunne ein gjera denne ruta på 3 275 mile (5 271 km) på rundt 21 dagar; men eit uheldig fartøy kunne bruka tre veker til på å koma seg gjennom konvergenssona kjend som doldrums.[2]

Ruta gjekk så sørover gjennom vestdelen av Søratlaneren, og følde den naturlege sirkuleringa til vind og havstraumar nært forbi Trindade, før ho vende søraust forbi Tristan da Cunha.[2] Ho kryssa Greenwich-meridianen ved rundt 40. sørlege breiddegrad, og førte klipperane inn roaring Forties etter ei reise på rundt 6 500 mile (10 500 km) frå Plymouth. Ei god tidsramme for denne turen ville vore rundt 43 dagar.[2]

Etter å ha kome inn i førtiane var skipa også inne i issona, delen av Sørishavet der det var ein betydeleg sjanse for å råka på isfjell. Av tryggleiksgrunnar ville ein halda seg i nordenden av denne sona, omtrent parallelt med 40. sørlege breiddegrad; men storsirkelruta frå Kapå det gode håp til Australia, som går ned til 60. breiddegrad, er 1 000 mile (1 600 km) kortare, og ville også gje dei sterkaste vindane. Skipsførarar ville derfor ofte dra så langt sør som dei våga, og vega risikoen for is mot ei rask ferd.[2]

Klipperskip som skulle til Australia og New Zealand tok inn ved ei rekkje ulike hamner. Eit skip som segla frå Plymouth til Sydney, til dømes, kunne sigla rundt 13 750 mile (22 130 km); ei rask tid for denne reisa ville vera rundt 100 dagar.[2] «Cutty Sark» utførte den raskaste reisa av denne ruta for ein klipper, på 72 dagar.[2] «Thermopylae» utførte den litt kortare reisar frå London til Melbourne, på 13 150 mile (21 160 km), på berre 61 dagar i 1868–1869.[2]

Tilbakereisa[endre | endre wikiteksten]

Tilbaketuren fortsette austover frå Australia; skip som stoppa i Wellington for gjennom Cooksundet, men elles unngjekk dei denne krevjande passeringa og sigla i staden rundt sørenden av New Zealand.[3] Nok ein gong ville skipa som sigla mot aust segla meir eller mindre gjennom issona, og kunne gå så langt sør som mogleg for å få den kortaste ruta og dei sterkaste vindane. Dei fleste skipa heldt seg nord for breiddegrada til Kapp Horn, 56. grader sør, og følgde ein sørleg nedgang i issona medan dei nærma seg dette kappet.[4]

Kapp Horn sjølv hadde, og fortsette å ha, eit dåleg rykte blant sjøfolk. Dei sterke vindane og straumane som går rundt Sørishavet utan opphald blir førte inn mot Kapp Horn av det relativt tronge Drakesundet. Saman med dei turbulente syklonane som kan koma frå Andesfjella, og det grunne vatnet nær Kapp Horn, kan dette gjera området særs farleg å ferdast i for skip.[5]

Skip som kom seg forbi Kapp Horn tok seg så tilbake nordover gjennom Atlanteren, der dei følgde den naturlege vindretninga opp den austlege Søratlanteren og heldt seg meir mot vest i Nordatlanteren. Ei god tid for den rundt 14 750 mile (23 740 km) lange reisa frå Sydney til Plymouth kunne ta rundt 100 dagar. «Cutty Sark» utførte henne på 84 daygar, og «Thermopylae» på 77 dagar.[2] «Lightning» utførte den lengre reisa frå Melbourne til Liverpool på 65 dagar i 1854–1855, og fullførte med dette ei jordomsegling på 5 månader og 9 dagar, medrekna 20 dagar det var i hamn.[2]

Seinare seglskip (windjammers), uvanleg store firemasta barkar som var laga med fokus på laste- og styreevne heller enn fart, utførte vanlegvis reisa på 90 til 105 dagar. Den raskaste dokumenterte reisa for Great Grain Races var den finske firemasta barken «Parma», som brukte 83 dagar i 1933.[6]

Ende[endre | endre wikiteksten]

Moderne skipsmotorar hadde allereie gjort klipperfarten mindre vanleg, og han blei heilt stoppa av andre verdskrigen og den nesten fullstendige stoppen i kommersiell skipsfart. Nokre få skip sigla framleis ruta i 1948 og 1949.[7]

Eric Newby skilda den siste reisa til den firemasta barken «Moshulu» i 1938 i boka si The Last Grain Race.

Moderne bruk av ruta[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste personen til å prøva ei rask jordomsigling ved hjelp av klipperruta var Francis Chichester. Chichester var allereie ein kjend luftfartspioner som hadde floge solo frå London til Sydney, og var også ein pioner i solo-yachtracing. Han ville utføra den raskaste jordomsegling i ein liten båt, men sette seg også målet om å slå ei «rask» klipperskipreise til Sydney på 100 dagar.[8] He la ut i 1966, og kom fram til Sydney etter 107 dagar. Etter ein stopp på 48 dagar drog han heim via Kapp Horn på 119 dagar.[9]

Chichester inspirerte fleire andre til å forsøka seg på det neste logiske steget: ei jordomsegling utan stopp via klipperruta. Resultat var Sunday Times Golden Globe Race, det fyrte jordomseglingsracet for yachtar. Berre ein deltakar fullførte racet, Robin Knox-Johnston, som blei den fyrste til å segla klipperruta åleine og utan å stoppa.

I dag blir det halde fleire større race langs klipperruta. Volvo Ocean Race er eit race med mannskap og med stoppar som følgjer klipperruta kvart fjerde år. To solorace, inspirert av Chichester og Golden Globe-racet, er Around Alone, som segler om jorda med stoppar, og Vendée Globe, som ikkje har nokon stoppar.

I mars 2005 sette Bruno Peyron og mannskapet på katamaranen «Orange II» ein ny verdsrerord for ei jordomsegling via klipperruta, med ei tid på 50 dagar, 16 timar, 20 minutt og 4 sekund.[10]

I 2005 sette også Ellen MacArthur ein ny verdsrekord for ei solo-jordomsegling åleine i trimaranen «B&Q/Castorama». Ho fullførte ruta på 71 dagar, 14 timar, 18 minutt og 33 sekund, den raskaste solo-jordomseglinga nokonsinne.[11] I 2008 sette Francis Joyon ny rekord i ein trimaran med ei tid på 57 dagar, 13 timar, 34 minutt og 6 sekund.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chichester 1966, s. 15–16.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Chichester 1966.
  3. Chichester 1966, s. 121.
  4. Chichester 1966, s. 134.
  5. Chichester 1966, s. 151–152.
  6. «The Grain Races: Pamir and Parma». Philippe Bellamit. Henta 7. mars 2018. 
  7. pamir.chez-alice: The grain races (henta 1. desember 2006)
  8. Chichester 1967, s. 6.
  9. Chichester 1967.
  10. Orange II smashes the round the world sailing record, from Yachts and Yachting
  11. WSSRC Ratified Passage Records – "Round the World, non stop, singlehanded", from the World Sailing Speed Record Council
  12. WSSRC Ratified Passage Records – "Round the World, non stop, singlehanded", from the World Sailing Speed Record Council

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Klipperruta