Kloakk i zoologi

Kloakkdyr er oppkalla etter kloakken - ei felles kroppsopning for ekskresjon og formeiring
Kloakk sikter innan anatomi til ein felles opning for alle fordøyingsprodukt og forplantningsprodukt. Kloakkopning finst mellom anna hjå fuglar, amfibiar, fiskar og nokre få pattedyr, til dømes kloakkdyra. Dei fleste virvellause dyr har også ein felles opning for fordøyingsprodukt og forplantningsprodukt, men vanlegvis vert ikkje denne omtala som kloakk.
- Denne artikkelen bygger på «Kloakk i zoologi» frå Wikipedia på bokmål, den 12. februar 2011.