Klockrike

Koordinatar: 58°29′48.923″N 15°20′9.1824″E / 58.49692306°N 15.335884000°E / 58.49692306; 15.335884000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°29′48.923″N 15°20′9.1824″E / 58.49692306°N 15.335884000°E / 58.49692306; 15.335884000

Ödekyrkogården

Klockrike er ein svensk tettstad i Motala kommun i Östergötlands län i Östergötland. I 2005 hadde tettstaden 281 innbyggjarar.

Staden blei kjend for mange i 1948, då Harry Martinson utgav romanen Vägen till Klockrike. 8.-10. mai 2009 arrangerte Harry Martinson-selskapet eit arrangement i Klockrike for å markere at det var 60 år sidan Vägen till Klockrike blei gjeven ut.

Klockrike var eigen kommune fram til kommunesamanslåinga på 1950-talet. Tettstaden Klockrike, åtte kilometer sør for Borensberg, oppstod omkring Klockrike stasjon ved jernbanestrekninga LinköpingFågelsta, som blei innvigd i 1897.

Klockrike kyrka blei innvigd i 1830 og erstatta då mellomalderkyrkja frå ca. 1300, som fekk store skader under herjingane til danskane i Sverige i 1567. I 1818 blei den gamle kyrkja råka av lynnedslag. Det påfølgjande brannen øydela klokketårnet og smelta kyrkjeklokkene. I samband med bygginga av den nye kyrkja blei den gamle riven i 1825. Den nye kyrkja blei bygd i samarbeid med Brunneby kyrkjelyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]