Klokkeslett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit klokkeslett er timevinkelen uttrykt i tid, for det punktet ein vil rette seg etter. Ved stjernetid rettar ein seg etter vårjamdøgnspunktet, ved sann soltid etter sola og ved middelsoltid etter middelsola.

Skrivereglar[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Språkrådet kan ein skriva klokkeslett som følgjer på norsk:[1]

kl. 13
kl. 1300
kl. 13.00
kl. 13:00

kl. 9.05
kl. 0905
kl. 09.05
kl. 09:05

Firesifra klokkeslett kan skrivast anten med punktum eller med kolon mellom timar og minutt.

Merk at forkortinga kl. for klokka skal ha punktum.

Nøyaktige klokkeslett kan skrivast anten som kl. 14.05.02,3 eller kl. 14:05:02,3, det vil seia med timar, minutt, sekund og tidels sekund.

Ved tidtaking blir det anten 15.46,6 eller 15:46,6, det vil seia 15 minutt og 46,6 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tall, tid og dato». Språkrådet. Henta 1. august 2015.