Kloritoid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kloritoid
Chloritoid-bem-12b.jpg
Kloritoidkrystallgruppa på matriks frå Nuristanprovinsen i Afghanistan (storleik:6.3 x 3.5 x 3.0 cm)
Generelt
Kategori Nesosilikat
Kjemisk formel (Fe,Mg,Mn)2Al4Si2O10(OH)4
Strunz-klassifisering 09.AF.85
Dana-klassifisering 52.03.03.01
Krystallsymmetri Monoklin prismatisk 2/m eller triklinsk pinakoidal 1
Einingscelle a = 9.50 Å, b = 5.50 Å, c = 18.22 Å; β = 101.9°; Z = 4 eller
a = 9.46 Å, b = 5.50 Å, c = 9.15 Å; α = 97.05° β = 101.56° γ = 90.10°
Identifikasjon
Farge Mørkegrå, grønaktig grå, grønaktig svart
Krystallform Søyleforma pseudoheksagonale krystall; rosettar, vanlegvis grovt blada med typisk bøygd folie; òg massive
Krystallsystem Monoklin eller triklinsk
Tvilling Vanleg på {001}, polysyntetisk, kan vere lamellert
Kløyv perfekt på {001}, tydeleg på {110}; deling på {010}
Fastleik Sprø
Mohs hardleiksskala 6.5
Glans perleaktig på kløyvflater
Strekfarge Kvit, gråaktig, eller særs lett grønaktig
Transparens Gjennomskinneleg
Spesifikk vekt 3.46 – 3.80
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (+) eller (–)
Brytingsindeks nα = 1.713 - 1.730 nβ = 1.719 - 1.734 nγ = 1.723 - 1.740
Dobbeltbryting δ = 0.010
Pleokroisme X = olivengrøn til gul; Y = gråaktig blå til blå; Z = fargelaus til bleik grønaktig gul
2V-vinkel Målt: 36° til 89°
Dispersjon (spreiing) r > v; sterk
Kjelder [1]

Kloritoid er eit grønleg-svart, klorittliknande mineral som opptrer som bestanddel i visse metamorfe skifrar. Den kjemiske formelen er Fe2Al4O2(SiO4)2(OH)4. Mineralet er strukturelt sett eit nesosilikat, ikkje eit sjiktsilikat som kloritt.

Det vart først skildra i 1837 from lokalitetar i Uralfjella i Russland. Det fekk dette namnet fordi det likna mineral i klorittgruppa.[1]

I Noreg er det kjent frå Stavangerfeltet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]