Klosterenga park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′30.064″N 10°46′32.210″E / 59.90835111°N 10.77561389°E / 59.90835111; 10.77561389

Klosterenga park

Kart
Klosterenga park
59°54′30″N 10°46′32″E / 59.90835111°N 10.77561389°E / 59.90835111; 10.77561389

Klosterenga eller Klosterenga park, òg kjend som Klosterenga skulpturpark, er ein særleg utforma park som ligg i Gamlebyen i Oslo, opp mot stroket Galgeberg, rett attmed Oslo fengsel.

Den fleirkulturelle plassen under oppbygging i 2007
Foto: Helge Høifødt

Parken er kjend som Klosterenga skulpturpark, ettersom han er dominert av steinskulpturar, basseng og anna som skulptøren Bård Breivik (1948-2016) stod for utforminga av, og som vart opna i 1999. Utforminga var meint å gjere kunstneriske uttrykk frå ulike kulturar kring i verda tilgjenglege for dei som vitja parken, og såleis auke den ålmenne respekten for kvarandres kulturar. Samstundes skulle den kunstneriske utforminga av skulpturparken ha eit landskapsmessig og økologisk aspekt. Hovinbekken, som er eit av dei mest sentrale og lukka elveløpa i Oslo, rann gjennom området i røyr og vart opna for å gje vatn til kunstnarisk utforma steinrenner gjennom parken. Utbygginga av parken var frå Bård Breivik si side rekna som er prosjekt som skulle halde fram over tid, og var ikkje fullt ferdig då han døydde.

Klosterenga er eit 30 mål stort langstrekt areal i retninga nordvest-søraust, avgrensa av muren kring Oslo fengsel i nord, Nonnegata og bustadblokkene nord for Schweigaards gate i sør, Grønlands park i vest og Kjølberggata og Galgeberg i aust. Gjennom parken går Jarlegata, og i aust ligg det ein idrettsplass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]