Klostergata 14 i Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klostergata 14
Klostergata 14.jpg
Bilete av huset i dag (2020).

Klostergata 14
59°25′54″ N 10°40′13″ E

Klostergata 14 er eit bygg i Klostergata i Moss, og det står som eit kulturminne.[1] Huset er bevaringsverdig på bakgrunn av alder og representativitet som ein del av eit historisk gatemiljø langs Kongeveien, bygget er derfor verna etter Plan- og bygningslova (PBL).[1]

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Det vart bygd før 1900-talet og har datering frå 1800-talet. Bygget har opphavleg ein sveitserstil.[1] Ifølgje Byantikvar Berit Kolden har huset skifta vindauge og gjort andre endringar som gjer at sveitserstil element er fjerna. Ho seier at huset i dag ikkje har ein spesiell stil, men at vi framleis kan sjå at det opphavleg var sveitserstil på grunn av bygningskroppen.

Sveitserstilen kom smått til Noreg i 1840-åra. Industrialiseringa som nådde Noreg på 1850-talet, effektiviserte sag- og høvleribransjen. Dette gjorde at det vart tilgang på fleire ferdige materiale, og det vart auka byggeverksemd.[2] Det er ein del jernbanebygg, frå seint på 1800-talet, som vart bygt i sveitserstil. Sveitserstilen vart veldig populær i Noreg på den tida, spesielt på landsbygda.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klostergata 14 er ein bustadeigedom. Det har vore eit leilegheitskompleks sidan 1891.[3]. Gjennom tidene har matrikkelnummeret skifta. Frå 1841-1884 hadde huset matrikkelnummer 201[4] I 1884 til 1933 var nummeret 16 og først i 1933 fekk huset matrikkelnummer 14.[5][6]

På slutten av 1800-talet var det rik vekst i næringslivet og mange bedrifter vart starta i denne tida, desse var Moss Glassverk, Helly-Hansen, A/S Alpha, Moss Verft, M. Peterson og Søn, Moss Aktiemøller.[7]. Dei fleste av Møllebygningane ved fossen er bygd i 1890-åra[7] Mange av bebuarane i Klostergata 14 jobba i desse bedriftene. Til dømes var Hans Halvorsen arbeidar i Helly Hansen.[8]

Klostergata var ein tett bygd ut handverksgate i 1891. Det dukka opp fleire handverkarar på grunn av handelspolitikken som Stortinget vedtok i 1850.[9] Dette gjorde at alle kunne bli handverkar. Etter dei store bybrannane i 1858 og 1881 var det eit stort behov for handverkarar for å reparera skadane etter brannen[3]. Det var mange handverkarar i gata, og derfor var Klostergata ei handverksgate. Bebuarane i Klostergata 14 er eit godt døme på handverkarar. Seinare gjennomførte kommunen ei kvartalregulering av Skarmyra i 1905-10. Dette førte til at store delar av vestsida i Klostergata vart endra. Dermed munna fleire av hovudgatene på Skarmyra ut i Klostergata, som førte til at det vart færre eldre bygg og fleire nyare bygg som vart bygga i tilknyting til desse gatene.[3]

Sidan Moss vart ein by der industrieigarar kunne etablera seg, vart det mange husmenn og landarbeidarar flytta til byen. Mange av desse var frå Småland, Dalsland og Värmland på andre sida av grensa.[10] Svenske namn vart veldig vanleg i mossespråket. Det budde ein svensk familie i Klostergata 14 på 1900-talet.[11]

Bilete av huset frå 1913.

Bebuarar[endre | endre wikiteksten]

Kjøpmann Christoffersen var den første registrerte bebuaren i Klostergata 14. Han var eigar i 1841.[4]

I 1868 var Halvor Holmsen eigar av Klostergata 14, han jobba som tømmermann (ein som bygde hus av tømmer) og dermed var ein del av handverksgata.[12]

Georg Halvorsen var den som eigde Klostergata 14 lengst[13]. Han vart først eigar i 1884. I tillegg eigde han og nabotomta, som var ein ubygd offentleg plass[3][5]. Halvorsen budde i huset saman med kona si, Maren Halvorsen og deira fem barn. Han jobba som pumpemester i 1885[14]. I 1891 kan vi registrera at det var eit leilegheitskompleks, og familien Halvorsen budde i Klostergata 14(datidenes 16) i leilegheit ein, på denne tida hadde Georg Halvorsen vorte forfremma til brannkonstabel.[3] Deretter vart han pumpeformand v. Moss Vandværk Kontor i år 1900.[15] I år 1914 flyttar familien til leilegheit tre og Georg Halvorsen har fått jobb ved vegvesenet. Klostergata var eit handverksgate, men det faktumet at Georg Halvorsen var brannkonstabel viser at det òg var andre arbeidarar enn handverkarar i gata.[16]

I 1891 budde A. Olsen Klostergata 14 i leilegheit to. Han arbeidde som cellulosearbeidar. Det er eit yrke innanfor industrialiseringa, der det blir produsert papp og papir. Dette var ein del av industrialiseringa, sidan det var maskinarbeid. Mellom anna var Peterson ein veldig kjend fabrikk i Moss for cellulosearbeid på denne tida.[17] I dag finst ikkje denne fabrikken, då den gjekk konkurs i 2012. O. Eriksen budde same år i leilegheit tre, og jobba som tømmermann.[3] Dette viser tilbake til handverksgate-faktumet.

I år 1900 flytta Albin Almkvist inn i Klostergata 14 i leilegheit to, med familien sin og Johan Lindkvist.[11] Denne familien kom frå Sverige, flyttinga til Moss kan vere grunna eit ønske om å etablera ein industri i Moss. Almkvist var Montør Mekanikar og Linkvist var snekker. I leilegheit tre budde Adolf Andresen med ektefelle Thora Andresen og deira fire barn.[8] Ektefellen arbeidde som hustru, som var vanleg på denne tida. Ei hustru er ein kvinneleg ektefelle som er heimeverande; ho er heime med barna, vaskar hus og lager mat, medan mannen er ute og jobbar. Dette er noko som har forandra seg veldig etter den tida, og i dag er det uvanleg at ei kvinne er heimeverande. Adolf Andresen var tomtearbeidar.

I 1914 flytta sonen til Georg Halvorsen, Hans Hjalmar Halvorsen, inn i leilegheit ein saman med kona si Anna Sofie Halvorsen og deira to barn Egill Haakon Halvorsen og Gunvor Margaret Halvorsen.[16] Hans Halvorsen jobba som fabrikkarbeidar, som er eit godt døme til industrialiseringa. I leilegheit to bur Adolf Jensen og ektefellen hans Agda Jensen med sonen deira Alf Erik Jensen. Adolf Jensen jobba som skomakar, og kona var hustru.[18]

I 1933 finn ein Hedvig og Arthur Halvorsen som eigarar for Klostergata 14.[6] Dette er rekna med å vere arv etter faren deira, Georg Halvorsen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kulturminnesøk, «Kulturminnesøk», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 18. september 2020 
  2. 2,0 2,1 «Sveitserhus ca 1840-1920», www.gamletrehus.no, henta 18. september 2020 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Klostergata som en «håndsverksgate» i 1891.», www.mosshistorielag.no, henta 18. september 2020 
  4. 4,0 4,1 Fortegnelse over samtlige Eiendommes Matr.no i Moss 1841. Moss bibliotek. 1841. 
  5. 5,0 5,1 Fortegnelse over matrikulerede Eiendomme i Mss med deres Brandtaxt og Skattetaxt i 1884. Moss bibliotek. 1884. 
  6. 6,0 6,1 Fortegnelse over Matrikulerte eiendomme i Moss med deres tomteareal, brandtakst og skattetakst 1933. Moss bibliotek. 1933. 
  7. 7,0 7,1 Bevaringsplan for sentrale deler av Moss. 1979. 1979. 
  8. 8,0 8,1 «03 - 0019 Klostergade 16 - 005 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  9. Libæk Ivar, Stenersen Øivind, Sveen Asle, Aastad Svein (2008). Historie VG3. Oslo: Cappelen Damm. s. 53. 
  10. Svendsen, Åsmund (2020). Historiehefte utgitt av Moss Kommune i anledning 300-årsjubileumet for Moss i 2020. ISBN 978-82-991219-3-4. 
  11. 11,0 11,1 «02 - 0019 Klostergade 16 - 005 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  12. «001 Halvor Holmsen - 0155 Radet - 000 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1865 for 0104B Moss prestegjeld, Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  13. «007 Arthur Halvorsen - 01 - 0019 Klostergade 16 - 005 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 22. september 2020 
  14. «008 Artur Halvorsen - 0422 Klostergade 16 - 000 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1885 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  15. «007 Arthur Halvorsen - 01 - 0019 Klostergade 16 - 005 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1900 for 0104 Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  16. 16,0 16,1 «004 Gunvor Margaret Halvorsen - 001* - 236* Klostergaten 16 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1914 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 
  17. «Strandsitteren» (PDF). 
  18. «002* - 236* Klostergaten 16 - 001 Moss - Tellingskretsoversikt - Kommunal folketelling 1914 for Moss kjøpstad - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 18. september 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]