Knølkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knølkval

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Knølkval
Knølkval

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Bardekvalar
Familie: Finnkvalfamilien
Slekt: Megaptera
Art: M. novaeangliae
Vitskapleg namn
Megaptera novaeangliae
Borowski, 1781

Knølkval, Megaptera novaeangliae, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava, men er sjeldan i Middelhavet. Bestanden vart sterkt redusert over heile verda av industriell kvalfangst, før arten vart freda i 1966. Bestanden har sidan komme seg raskt i store område, og er no truleg over 60 000 individ på verdsbasis. Han er ikkje lenger rekna som truga. Det vert driven fangst i svært lite omfang frå St. Vincent. Dessutan har Japan starta opp att med forskingsfangst på knølkvalen i Antarktis.[1] Bestanden i norske farvatn er anslått til om lag 1200 dyr, og knølkvalen kan av og til dukka opp også inne i Sognefjorden og Oslofjorden.[2]

Utbreiingsområdet til knølkvalen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Knølkval