Knarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knarvik
tettstad
Knarvik sett frå Høstefjellet i Bergen kommune
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Areal 3,38 km²
Folketal 6 590  (2023)
Folketettleik 1 950 / km²
Postnummer 5914 ISDALSTØ
Innbyggjarnamn Knarviking
Kart
Knarvik
60°32′45″N 5°17′02″E / 60.54583333°N 5.28383333°E / 60.54583333; 5.28383333

Knarvik er ein tettstad og administrasjonssenter i Alver kommune, og fungerer som regionsenter for Nordhordland. Tettstaden har 6 590 innbyggjarar per 1. januar 2023. Postadressa til Knarvik er Isdalstø, som ligg kring 2 kilometer frå Knarvik.

Før 1970-talet var her ikkje meir enn kring 30 innbyggjarar, men då Hordaland fylkeskommune avgjorde at Knarvik skulle byggjast opp som regionsenter, skaut utviklinga fart. Knarvik Senter vart i løpet av få år eitt av dei største kjøpesentera i landet. Kommuneadministrasjonen vart flytta til Knarvik frå Lindås, som ligg nord i kommunen.

Bustadutbygging, skuleutbygging og auka næringsverksemd førte til at Knarvik vart den største tettstaden i Nordhordland i løpet av 1980-talet. Fram til opninga av Nordhordlandsbrua i 1994 var ferjesambandet som batt saman Nordhordland med Bergen, Knarvik-Steinestø, det mest trafikkerte i landet målt i tal på bilar.

I september kvart år vert mosjonsløpet Knarvikmila skipa til.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.