Knelarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Knelar)
Knelarar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Dictyoptera
Orden: Knelarar Mantodea
Burmeister, 1838

Knelarar (Mantodea) er ei gruppe meinsekt. Dei er hemimetabole og vert rekna som nære slektningar av kakerlakkar og termittar.

Det finst ingen artar i Noreg. I verda er det om lag 2 000 artar, fordelt på 9 familiar, dei fleste frå tropiske strøk i alle verdsdelar.

Namnet har knelarane fått på grunn av den særeigne måten dei heldt frambeina på; det ser ut som om dei knelar og ber. Det vitskapelege namnet er henta frå eit gresk ord som tyder 'profet'.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Knelarane er store og avlange insekt som er lette å kjenne att på dei sterkt modifiserte frambeina. Desse er omdanna til fallklør, der lår- og ankelledda er utstyrt med lange piggar for å gripa bytte med. Dette beinparet har òg særs lange og røyrlege hofter (coxae), og sit på eit uvanleg langt forbrystsegment som er fleksibelt ledda til dei bakre segmenta. Hovudet er òg særs rørleg; knelarane er dei einaste insekta som kan sjå seg over skuldrene.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Alle knelarar er rovdyr som et ymse flygande insekt, også andre knelarar. Ein ser dei gjerne sitja stille på plantar, der dei ventar med fallklørne klare til hogg. Dei er effektive jegerar når dei går til åtak, og kan fanga både flygande og krypande bytte.

Det finst partenogenetiske knelarar, men det store fleirtalet har kjønna formeiring. Hoene et som regel hannen under paringa og sikrar seg såleis eit næringsrikt måltid som opplagsnæring for ungane. Dei mellom 10 og 400 egga vert lagde som ein eggmasse i ein kokong ootheca, og dei nyfødde nymfene vert vaksne utan å gå gjennom noko puppestadium. Det tek som regel mellom fem og tolv skalskifte før dei vert kjønnsmogne, avhengig av art.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nickle, David A.: «Order Mantodea» i Triplethorn & Johnson (red): Borror and Delong's Introduction to the Study of Insects Brooks/Cole 2005
  • Tree of Life: Mantodea Med bilete.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]