Knestangsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knestangsteinen er ein runestein frå garden Knæstang i Norderhov i Ringerike kommune i Buskerud. Hausten 1939 vart det funne ei steinhelle med runeinnskrift på Knæstang. Konservator Sverre Marstrander ved Universitetets Oldsaksamling drog ut for å henta steinen og undersøkja funntilhøva. Funnstaden låg i dyrka mark, men ikkje langt frå eit gammalt vegfar. Steinen er i dag magasinert ved Kulturhistorisk museum. Han inneheld fire separate innskrifter:

Knestang 1 er ei kort innskrift der runa þ er den einaste som kan identifiserast.

Knestang 2 består av fire runer: f u þ o

Knestang 3 består av fem runer: þ e (t) h (?)

Knestang 4 er ei lengre innskrift som kjem frå andre halvdel av 1100-talet:

sim(e)on risti runar þa æs þeir foru bali ouk kolbiorn mnaþ þorbini s(e)ndi mani

På norrønt vert det:

Simeon risti rúnar, þá es þeir fòru, Balli ok Kolbjǫrn. Man náđ Þorbinni sendimani.

Og på moderne norsk:

Simeon rista runar då dei fòr, Balle og Kolbjørn. Dei har nok nådd (dvs. møtt) Torbjørn sendemann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]