Knivbjelke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knivbjelken på ei motorslåmaskin.
Ein delvis demontert knivbjelke. Ein ser fingarne som skil og held fast aksa medan deivert skorne av. Vidare ser ein dei kvasse knivståla, som knivane ligg av mot, og knivhaldarane som pressar knivane ned mot knivståla.
Knivstong med rifla knivar (Case).
Busatis knivbjelke.

Knivbjelke er nemninga på den maskindelen som skjer av aksetgraset, eller kornet, på slåmaskiner, sjølvavleggarar, skårleggarar, sjølvbindarar og skurtreskarar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Knivbjelken er sett saman av ei kraftig stong, med stålfingrar som skil aksa på graset eller kornet og held dei fast medan dei vert skorne av. Langs knivbjelken ligg «knivstonga», som er ei smal stålstong, med trekanta knivblad som peikar framover og er kvesste på begge sider. Knivstonga fer fram og attende og skjer av aksa. Knivane ligg an mot skarpe «fingerstål», slik at aksa vert klipte av. Knivane har ei breidd på rundt 77 mm, så ei knivstong har om lag 13 knivblad per meter. På skurtreskarar har knivane ei slaglengd på rundt 76 til 86 mm og gjer frå 440 til 570 dobbeltslag i minuttet.[1] Gjennomsnittsfarten er difor på 1,1 til 1,7 m/s. På slåmaskiner som vert nytta for å slå gras er knivane glatte, medan dei på skurtreskarar som oftast er rifla. Busatis har produsert ein knivbjelke som skil seg ut, ved at dei underliggande knivståla er erstatta med enda ei knivstong, lik den på oversida[2]. Den nedste knivstonga står fast, medan den øvste oscillerer att og fram på same vis som på tradisjonelle knivbjelkar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Knivbjelkar for korn[endre | endre wikiteksten]

Forsøk på å konstruera skjereorgan for korn tok til rundt år 1800. Det er ikkje kjendt at nokon freista å laga slåmaskiner for gras på dette tidspunktet.

Roterande skjereorgan[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste forsøka med å laga skjereorgana for korn var utforma som roterande sylindrar eller skiver, med utstikkande knivar. Desse vart ofte kalla roterande sigd i samtida. I 1799 fekk engelskmannen Joseph Boyce patent (nr. 2320) på ei hestedregen slåmaskin for korn, som hadde ein loddrett aksling med 6 knivar som skar av aksa[3][4]. I 1799 vart ei maskin med roterande knivar skildra i Walkers Philosopht, utan å nemna namnet til oppfinnaren[4]. I 1814 demonstrerte ein annan engelskmann ei maskin som òg hadde roterande skjereorgan[4]. I 1811 eksperimenterte skotten James Smith med ei maskin som hadde ein roterande sylinder, med knivar i nedre enden. Sylinderen var kledd med tøy, for å skapa friksjon, slik at aksa vart ført til sida og lagt ned på åkeren. I 1815 laga han ein forbetra versjon, som det vart hevda kunne slå 0,4 hektar per time[4]. Maskinane til Smith hadde den roterande trommelen midt på og måtte skuvast for å ikkje tråkka ned kornet[4]. Ein annan skotte, som heite Kerr og budde i Edinburgh, laga òg ei maskin i 1811, som hadde roterande skjereorgan og ein roterande trommel som la aksa ut til sida[4]. I 1822 konstruerte Jeremiah Bailey ei maskin med roterande skjereorgan i Pennsylvania[4] og i 1825 laga Ted Eyck ei maskin med ein roterande sylinder[4]. Desse tidlege maskinene var av eksperimentell karakter og fekk ikkje noko praktisk tyding.

Skjereorgan av saksetypen[endre | endre wikiteksten]

Forsøka me droterande sigd førte ikkje fram til brukbare skjereorgan. Neste fase i utviklinga var skjereorgana utforma som fleire sakser, plasserte side om side. I 1800 fekk engelskmannen Robert Meares patent (nr 2400) på eit skjereorgan for korn, som klypte av aksa med sakser, men det er ikkje kjend om han bygde ei maskin som nytta dette prinsippet. I 1907 bygde Salmon i Woburn eit skjereorgan med fingrar som skilde aksa i små buntar, som så vart klypte av med sakser. Blada på den eine sida av saksene sto fast, medan blada på hi sida vart opna og lukka av ei tvergåande stong i bakkant[4]. Denne stonga vart i sin tur driven med tannhjulsoverføring frå eit hjul som rulla på bakken. Salmon bygde ein modell av maskina, som han demonstrerte i ein havreåker. Det er ikkje kjend at nokon av desse «klyppemaskinane» utførte nyttig arbeid. I 1827 laga skotten Patrick Bell eit skjereorgan av sakstypen, med 13 faste og 12 bevegelege blad. Skårbreidd var berre 0,54 m.[3][4] Dei 12 bevegelege blada var festa på ei stong, som vart driven av ein krumtapp[3].

Dei fyrste primitive knivbjelkane[endre | endre wikiteksten]

I 1822 konstruerte engelskmannen Henry Ogle ein knivbjelke med fingrar som heldt aksa i ro medan ein lang kvass kniv gjekk att og fram og skar dei av. I motsetning til seinare maskinar var kvinen heilt slett. I 1831 eksperimenterte Cyrus Hall McCormick med ein knivbjelke som hadde primitive fingrar som skilde og held fast aksa og eit slett knivblad som skar dei av. Det slette knivbladet vart etter kvart utstyrt med tindar, som ikkje var så ulik tindane på eit sagblad. Maskina vart kontinuerleg forbetra, og ein teikning[4] syner at i 1841 hadde fingrane som skilde og held fast aksa vorte mykje større.

Knivbjelkar for både korn og gras[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste knivstengene var utvikla for å skjera av kornaks og høvde ikkje for gras. Det var Obed Hussey som midt på 1850-talet utvikla ein knivbjelke som kunne nyttast både for korn og gras[5][6]. Han nytta trekanta knivar som låg an mot plane flater i fingrane som skilde og heldt fast aksa/grasstråa. Dei trekanta knivane var kvesste på begge sider og kutta i begge retningar når knivstonga gjekk att og fram. Denne knivbjelken var svært lik moderne knivbjelkar, og det er knivbjelken til Hussey som ligg til grunn for desse. Hussey utvikla rett nok knivbjelken for å slå korn, men det synte seg at maskina hans òg kunne nyttast for å slå gras[4]. Dei fyrste maskinane som kunne slå gras var difor ikkje reine slåmaskinar, men sjølvavleggarar med knivbjelkar som òg kunne nyttast for gras. Etter kvart vart knivstengene gradvis forbetra og maskinar spesialiserte for gras vart marknadsførte. S. Hull, til dømes, fekk i 1962 patent på ei forbetring av knivbjelken til Hussey[7]. Avstanden mellom knivane var 70-80 cm, oftast 78 cm[8].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heir, J.A., Skurtreskere og skurtresking, Landbruksforlaget, 1998.
  2. B. Bell, Fifty years of farm machinery - From starting handle to microchip, Farming Press, 1993.
  3. 3,0 3,1 3,2 H. Petersen, Selvbinderen, Teknologisk instituts forlag, 1929.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  5. O. Hussey, Reaping and mowing machine, US Patent nr 5,227, 7. aug. 1847.
  6. O. Hussey, Improvements in reaping-machine, USRE449, tillegg til US Patent nr 5,277, 14. april 1857.
  7. S. Hull, Harvester cutter, US Patent nr 37,+73, 2. des. 1862.
  8. N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.