Knivhaldar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Knivmagnet)
Knivhaldar til bordbruk
Knivblokkk med knivar
Magnetisk knivhaldar

Knivhaldar er ein type utstyr der ein kan setja eller leggja frå seg ein kniv når han ikkje er ei bruk.

Det finst mange former for knivhaldarar. Dei kan vera del av utstyret til ein handverkar som nytter knivar, som ei kjuke nytta av ein treskjerar i Hallingdal.[1] Ulike knivhaldarar er også vanlege på kjøken, til dømes som magnetar eller blokker ein kan henga eller setja knivar i.[2][3] Knivhaldarar kan også vera del av dekketøy, til dømes i form av stativ der knivar kan hengjast mellom bruk, eller der ein kan leggja kniven frå seg på ein haldar for å ikkje søla til bordet eller duken.

Det finst også liknande haldarar for skeier, sleiver og etepinnar.

Dekketøy[endre | endre wikiteksten]

Knivhaldarar til bordbruk kan ha utvikla seg frå trestykke som ein la frå seg kniven på. Frå 1700-talet blei det laga sett av like knivhaldarar som ein kunne dekkja bord med. På 1800-talet blei slike haldarar laga i ei rekkje ulike materiale og uformingar. Dei kunne til dømes vera av horn, elfenbein, glas, perlemor eller keramikk, eller av ulike metall inkludert gull og sylv.[4]

Det var vanleg å utforma knivhaldarar med ei stong som blei halden oppe av dekorative endar, men ein kunne også utforma dei som dyr. I Sverige blei det til dømes vanleg med ein smörhund, ein knivhaldar utforma som ein hund til å ha smørkniven på.

Knivhaldarar gjekk generelt ut av bruk ved midten av 1900-talet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Knivholder». Hallingdal Museum/DigitaltMuseum. 
  2. Mette Nexmand (18. november 2015). «Knivholder - DIY væghængt holder til køkkenknive». Boligmagasinet.dk. 
  3. «Knivholder». THE ORGANIC CLUB. Arkivert frå originalen 27. januar 2018. Henta 26. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 «The History of Knife Rests». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Knivhaldarar til lagring
Commons har multimedium som gjeld: Knivhaldarar til bordbruk