Knocking 'Round the Zoo
Knocking 'Round the Zoo Singel av James Taylor frå albumet James Taylor | ||
B-side |
Something's Wrong | |
---|---|---|
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:26 | |
Selskap | Apple (APF 506) | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
Produsent | Peter Asher | |
James Taylor-kronologi | ||
«Carolina in My Mind» (1969) |
Knocking 'Round the Zoo | «Sweet Baby James» (1970)
|
«Knocking 'Round the Zoo» er ein song skriven av James Taylor og gjeven ut på debutalbumet hans, James Taylor, på Apple Records i 1968. Han hadde tidlegare spelt inn songen i 1966 med bandet sitt, The Flying Machine, men denne innspelinga vart ikkje gjeven ut før i 1971 på James Taylor and the Original Flying Machine. Songen vart òg gjeven ut som singel av Apple i Frankrike (APF 506), med «Something's Wrong» på baksida. «Knocking 'Round the Zoo» og «Something in the Way She Moves» var inkludert på demolydbandet som Taylor sendte til produsenten Peter Asher, som overtydde han om å signere Taylor til Apple.[1]
Allmusic-kritikaren Lindsay Planer skildra «Knocking 'Round the Zoo» som ein «pseudo-blues».[2] Tekstane var inspirerte av James Taylor sitt opphald på det psykiatriske sjukehuset McLean Hospital.[3][4] I første verset av songen syng Taylor at «There's bars on all the windows and they're countin' up the spoons».[5] I røynda hadde McLean tryggleiksvindauge i staden for stenger, men dei brukte spesielle reiskap og talde alt av metall etter kvart måltid.[5][6] Verset går vidare med å seie at «if I'm feeling edgy there's a chick who's paid to be my slave/And she'll hit me with a needle if she thinks I'm trying to misbehave.»[7] I det andre verset syng Taylor om sinnet sitt mot arbeidarane på McLean.[5] I det tredje verset syng Taylor om korleis han følte seg utestengt på McLean, med linjer som «Now my friends all come to see me/They point at me and stare.»[3][8] Ifølge redaktørane i Time legg Taylor til ein skremmande deskant av sinnssjuke-lydar til dette verset.[8] Rolling Stone-kritikaren Timothy Crouse skildra trommerytmen i songen som «systerleg», og gitarspelet som «nervøst», og seier at det speglar den sinnet og utålmodigheta Taylor følte på McLean.[5]
Rolling Stone Album Guide-kritikaren Mark Coleman meiner at «Knocking 'Round the Zoo» er eit «høgdepunkt» på James Taylor-albumet og omtaler han som «sparkande» og at songen var med på å skape vegen James Taylor ville ta i framtidige opptak.[9]Time rosar den «vittige, riff-aktige musikalske ironien.»[8] Rolling Stone-kritikaren Jon Landau seier at songen «kombinerer ein undertrykt sans for humor med naturlegheit.»[6] James Taylor-biografen Timothy White kritiserer den «treige» introduksjonen på strenginstrument som arrangør Richard Hewson la til songen på James Taylor-albumet.[4] Rolling Stone-skribenten Jules Siegel kritiserte songen for å høyrast ut som «ein sado-masochistisk fantasi.»[10] Siegel meinte at Taylor framstilte seg sjølv som ein aristokrat som framleis var i kontroll til trass for å vera på eit psykiatrisk sjukehus, med «ein kvinnelig pleiar som blei betalt for å vera slaven hans.»[10] Siegel kritiserer òg linja om at pleiaren slo han med ei nål.[10] Forfattaren Ian Helperin kritiserer utgjevinga av James Taylor and the Original Flying Machine på CD for å endre instrumenteringa.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Knocking 'Round the Zoo» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Browne, D. (2012). Fire and Rain: The Beatles, Simon and Garfunkel, James Taylor, CSNY, and the Bittersweet Story Of 1970. Da Capo Press. ISBN 9780306822131.
- ↑ Planer, L. «James Taylor». Allmusic. Henta 3. juli 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Halperin, I. (2003). Fire and Rain. Citadel Press. s. 48–49, 126. ISBN 0806523484.
- ↑ 4,0 4,1 White, T. (2009). Long Ago And Far Away: James Taylor - His Life And Music. Omnibus Press. s. 118, 229, 138. ISBN 9780857120069.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Crouse, T. (18. februar 1971). «The First Family of the New Rock». Rolling Stone. s. 34–37.
- ↑ 6,0 6,1 Landau, J. (April 19, 1969). «James Taylor». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. juni 2007. Henta 3. juli 2014.
- ↑ McCarthy Bartlett, M. (2011). Loving the Tasmanian Devil: Reflections on Marriage and Asperger Syndrome. AAPC Publishing. s. 293–294. ISBN 9781934575819.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 «James Taylor: One Man's Family of Rock». Time. 1. mars 1971. s. 45–53.
- ↑ Coleman, M. (1992). DeCurtis, A.; Henke, J.; George-Warren, H., red. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Straight Arrow Publishers. s. 293. ISBN 0679737294.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 Thompson, D. (2012). Hearts of Darkness: James Taylor, Jackson Browne, Cat Stevens, and the Unlikely Rise of the Singer-Songwriter. Backbeat Books. ISBN 9781458471390.