Knokkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beinvirvlar frå ei ryggsøyle.

Bein (norrønt bein) eller knokkel (frå lågtysk knokel) er ein avgrensa del av eit skjelett, bygd opp av beinvev.

Anatomisk skisse av tverrsnitt av ein knokkel.

Oppbygnad og funksjon[endre | endre wikiteksten]

Knoklane gjev feste for sener og musklar, held oppe kroppen og gjer at han kan røra seg. Dei gjev også vern til indre organ, som hjernen gjennom skallen. I tillegg tener knoklane som lager for viktige stoff som kalsium, fosfat og inni nokre holrom beinmerg med stamceller for alle slags blodceller.

Menneskebein inneheld rundt 60 % mineral og 15 % vatn. Rundt 25 % er organiske stoff, hovudsakleg proteinet kollagen type I. Samanetninga gjer knoklane harde og samstundes strekkfaste. Det finst rundt 206 ulike bein i menneskeskjelettet (hjå ein vaksen - nyfødde har fleire enkeltbein fordi alle ikkje har vakse saman).

Bein som materiale[endre | endre wikiteksten]

Utskjering i kvalbein frå Noreg.

Bein kan brukast som materiale til reiskapar og kunstverk. Knoklar frå større dyr som hest, ku, hjort og kval har også vore råstoff for beinkol, beinmjøl, beinfett, lim, fosforutvinning og beinoske til porselen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Knokkel (28. januar 2014), Store medisinske leksikon.