Knud Enemark Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knud Enemark Jensen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 30. november 1936
Aarhus
Død

26. august 1960 (23 år)
Roma

Yrke sykkelryttar
Språk dansk
Høgd 174 centimeter

Knud Enemark Jensen (fødd 30. november 1936 i Århus, død 26. august 1960 i Roma) var ein dansk syklist.

Sommar-OL 1960[endre | endre wikiteksten]

Enemark deltok under sommar-OL 1960 i Roma, der han var del av det danske laget på 100 kilometer lagtempo. Laget var bestod i tillegg av Vagn Bangsborg, Niels Baunsøe og Jørgen B. Jørgensen. Dei kjempa om bronsemedaljen då Enemark berre ti kilometer før mål ropte til dei andre at han var svimmel. Etter eit par kilometer til sakka han farten, vingla litt, kolta og uveta. Få timar seinare døydde han på sjukehuset utan å ha kome til att. Fyrst trudde ein at temperaturen på over 40 grader og eit heteslag var årsaka, men visse kjelder seier at obduksjonen viste spor av amfetamin og at den danske trenaren hadde gjeve Enemark og eit par av lagkameratane eit preparat som skulle forbetre blodsirkulasjonen. Tidlegare i laupet vart òg lagkameraten Jørgen B. Jørgensen dårleg, han braut og vart frakta til eit sjukehus i Roma, men klarte seg utan varige men. Det har aldri vore ført prov for at Enemark tok amfetamin før laupet. Trass mangelen på bevis var det dødsfallet hans som sette i gang arbeidet mot doping, og som fekk Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) til å reagere på dopingproblema.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]