Knud Knudsen (1832–1915)
Utsjånad
Knud Knudsen (1832–1915) | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. januar 1832 Odda kommune |
Død | |
Yrke | fotograf |
Knud Knudsen (1832–1915) på Commons |
Knud Knudsen (3. januar 1832–21. mai 1915) var ein norsk fotograf fødd i Odda.

Knudsen arbeidde som fotograf i Bergen frå 1862 til om lag 1900, men reiste mykje kringom i Noreg. Etter kvart vart han vidgjeten som natur- og landskapsfotograf, og tok mange bilete retta mot ein turistmarknad. Universitetsbiblioteket i Bergen har ei stor fotosamling etter fotostudioet til Knudsen. Store delar av fotosamlinga er gjort tilgjengeleg for søk og gjennomsyn på internett. Det er òg laga til utstillingar etter tema. Universitetsbiblioteket si fotosamling av Knudsen-bilete er ein del av Noregs dokumentarv.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Universitetsbiblioteket i Bergen / Arkivet etter Knud Knudsen - norsk fotopionér 1862–1900». Norsk kulturråd. Henta 28. november 2014.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Susanne Bonge: Eldre Norske Fotografer; Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920, Bergen 1980 ISBN 82-7130-014-8