Knud Leem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knud Leem
Fødd13. februar 1697
Død27. februar 1774
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, prest, misjonær
Alma materKøbenhavns Universitet

Knud Leem[a] (fødd 13. februar 1697 i Haram, daud 27. februar 1774) var ein norsk prest, misjonær og språkforskar. Knud Leem innleia det vitskaplege studiet av samisk, med ein grammatikk frå 1748, og to ordbøker, frå 1756 og 1768.

Leem var også leiar for Seminarium Lapponicum ein periode, og han arbeidde i lag med Anders Porsanger.

Grammatikken vitnar om ein innsikt i samisk som ikkje står attende for mange andre grammatikkar i samtida. Leem har ei stammeklasseinndeling som er ganske lik den vi opererer med i dag. Han kommenterer også stadievekslinga, men meir som ein tendens enn som ein regel.

Leem bygde på språket i Porsanger, dvs. ein austleg dialekt av nordsamisk. Ordbøkene hans inneheld eit ordmateriale som framleis er interessant for språkforskinga. Konrad Nielsen si ordbok har hovudvekta på dialektane i Polmak, Karasjok og Kautokeino, og Leem representerer altså ein annan dialekt.

Topografisk hovudverk[endre | endre wikiteksten]

Ein samisk sjaman med runebomme (meavrresgárri). Illustrasjonane er stukne i kopar av O.H. von Lode i Firenze, etter eigenhendige «levende Tegninger» av Knud Leem sjølv, for hans Beskrivelse over Finnmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemaade og forrige Afgudsdyrkelse, (1767).

Leems viktigaste bokutgåve er det topografiske verket Beskrivelse over Finmarkens Lapper, ... (1767), med merknader ved biskop Gunnerus og ein religionshistorisk studie ved Jessen-Schardeböll. Her beskriv han liv og levemåte blant samar, deira klede og draktskikkar, mat og tilverknad av mat, jakt, fiske og jaktreiskapar, o.s.b.. Eit rikt, men i mange tilfelle forteikna illustrasjonsmateriale, er med på å gjere skriftet til den viktigaste dokumentasjon vi har omkring eldre, samisk kultur, på same tid som boka reknast med blant dei beste topografiske verka som vart publiserte i Norden på 1700-talet.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Latinisert namn: Canuti Leemus.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]