Knud Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knud Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1802
Røros
Død

1. november 1879 (76 år)

Yrke politikar, stiger, rekneskapsførar
Språk norsk
Far Ole Detlevsen

Knud Olsen (31. desember 18021. november 1879) var ein norsk overstiger og proviantskrivar frå Røros som møtte på seks storting i tida 1842 til 1858. Ole Detlevsen var far hans, og Svend Aschenberg svigerfaren.

Knud Olsen byrja arbeide for Røros koparverk i 1818. Den fyrste tida var han rekneskapsførar for bygningsavdelinga, og tok elles del i undervisninga ved den såkalla kadettskulen til verket. I tida 1822-25 hadde han stipend for å gå bergskulen i Falun. År 1825 rydda han opp i 20 års ugjort marskscheiderarbeid og laga kart over alle gruvene til Røros verk. Frå 1827 arbeidde han som overstiger, styrar av verket sine gruver i Folldal i 1829. Åra 1833-51 overstiger ved Røros verk. År 1839 reiste han og besøkte mange gruver i Sverige og Tyskland, og stod seinare føre fleire forbetringar i i gruvedrifta til verket. Mellom anna bygde verket, som det fyrste i Noreg, hestejarnbane i Kongens gruve og Muggruva, nye stollanlegg i Kongens og Storvarts-gruvene og bygde om vaskeanlegga. I 1851 vart Olsen proviantskrivar for verket, i tillegg var han perioden 1858-73 skoginspektør ved Røros og Fredriksgaves koparverk.

Frå 1838 til -45 var Olsen den fyrste ordføraren i Røros herad, og seinare medlem av heradsstyret i lang tid. Åra 1839-42 var han også forlikskommissær. I 1842 fekk han stifta Røros Sparebank og var leiar av banken til 1876. Han var formann i matrikkelkommisjonen for Røros og medlem i matrikkelkommisjonen for Strinda og Selbu. I 1851 var han medlem i ein kommisjon om Kongsberg sølvverk, også med i Skoglovskommisjonen av 1858.

Olsen representerte Søndre Trondhjems amtStortinget i 1842, 1845, 1848, 1854, 1857 og på omframtstortinget 1858. På alle desse tinga var han med i Næringskomite nr 1, som medlem i 1842 og sidan sekretær. Elles var han i 1857 medlem i komiteen om stortingsbygninga og 1857-58 i Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]