Knut Ødegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ødegård i 1973
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum

Knut Ødegård (fødd 6. november 1945 i Molde) er ein norsk forfattar busett skiftevis i heimbyen og i ReykjavikIsland, der han var direktør for Nordens hus 198489. Han har omsett ei rekkje bøker frå mellom anna islandsk. Ødegård er norsk generalkonsul til Republikken Makedonia (1997–).

Han tok examen artium ved Molde kommunale høgre ålmennskule i 1965 og studerte teologi og filologi i Oslo. Ødegård debuterte som diktar i 1967 og var frå 1969 til 2009 litteraturkritikar i Aftenposten, frå 2009 i "Vårt Land". Bøkene hans er omsette til 36 språk. I perioden 197577 var han forlagssjef i Noregs Boklag, Oslo. Han har òg vore kultur- og kinosjef i Kristiansund og fylkeskultursjef i Sør-Trøndelag. Han blei utnemnd til statsstipendiat i 1989. Han er kommandør av Den Islandske Falkeorden og Riddar 1. kl. av Den Kongelege Norske Fortenstorden. I 2010 blei han teken inn i den pavelege Riddarordenen av Den Heilage Grav i Jerusalem.

Knut Ødegård var initiativtakar og president for Bjørnsonfestivalen i Molde i ti år (19922002), der han for ettertida er ærespresident. Han tok i 2003 initiativet til Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet der han var president til ut året 2014.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Drøymaren, vandraren og kjelda – (Noregs Boklag 1967)
  • Konsert i eit kvitt hus – (Noregs Boklag 1968)
  • I pensjonatet – (Noregs Boklag 1970)
  • Det mørke regnet – (Aschehoug 1972)
  • Vind gjennom Romsdal – (Noregs Boklag 1978)
  • Biesurr, laksesprang – (Cappelen 1983)
  • Kinomaskinist – (Cappelen 1991)
  • Molde, mitt Molde (dikt og prologar ved eit jubileum) – (Dahl Libris og Molde kommune 1992)
  • Buktale – (Cappelen 1994)
  • Dikt i utval, redigering og forord av Kolbein Falkeid og Edvard Hoem – (Cappelen 1995)
  • Missa, etterord ved pater Kjell Arild Pollestad – (Cappelen 1998)
  • Stephensen-huset – (Cappelen 2003)
  • "Kringsjå", redigering og forord av Thorvald Steen (Cappelen 2005)
  • "Det blomstra så sinnssjukt"; (Cappelen 2009)
  • "Drankarar og galningar"; (Cappelen Damm 2015)

Samlingane er utgjevne på 36 språk, mellom anna fem einskilde samlingar på engelsk.

Inger Johanne Brunvoll Band gav i 2002 ut musikkalbumet Nysilt bygd på dikt av Knut Ødegård.

Epistlar[endre | endre wikiteksten]

  • "Liabonden"; (Via Media 2014)

Ungdomsromanar[endre | endre wikiteksten]

Fagbøker[endre | endre wikiteksten]

Bjørnstjerne Bjørnson: Dikt i utvalg, (Den norske Bokklubben 1979)

  • Island, øya mellom øst og vest (forord av president Vigdís Finnbogadóttir) – (Aschehoug 1992)
  • Island, fra saga til samtid – (forord av Vigdís Finnbogadóttir) (Aschehoug 1998)
  • "Eksempelet Island. Om hvordan nykapitalismen angriper et folk" (red., Arneberg Forlag 2010)
  • "Olav den hellige. Spor etter helgenkongen (s.m. Lars Roar Langslet) (Press Forlag 2011)
  • "Mennesket i sorteringssamfunnet" (red., Arneberg Forlag 2011)

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

Gjendiktingar[endre | endre wikiteksten]

  • Einar Bragi: Regn i mai – (Noregs Boklag 1973)
  • Færøysk lyrikk, med essay – (1974)
  • Gyula Illyés: Dikt i utval, saman med Vince Sulyok – (Aschehoug 1974)
  • Ólafur Jóhann Sigurðsson: Ved brunnane – (Aschehoug 1976)
  • Broder Eysteinn (Eysteinn Ásgrímsson): Lilja, med essay – (Tiden Norsk Forlag 1980)
  • Einarr Skúlason: Geisli, med essay – (Tiden Norsk Forlag 1982)
  • Thor Vilhjálmsson: Fort fort, sa fuglen (Fljótt, fljótt sagdi fuglinn), med etterord – (Det Norske Samlaget 1983)
  • Moderne islandske dikt, med essay – (Det Norske Samlaget 1990)
  • Matthías Johannessen: Om vindheim vide, eller Nå gror jord som før (Vellekla) – (Cappelen 1994)
  • Milan Richter: Røter i lufta, saman med Lubo Mauer og Ivan Čičmanec – (Cappelen 1996)
  • Matthías Johannessen: «Salmer i atomalderen» (innleiing ved Lars Roar Langslet), Cappelen 2001
  • «Grøne dikt. 9 moderne irske lyrikarar» (saman med Jostein Sæbøe), Cappelen 2005
  • Jóhann Hjálmarsson: «Storm er et vakkert ord», Poema-serien, Solum 2007
  • Friedrich Schiller: "Don Carlos" (Samlaget 2010)
  • "Fine spinn av draumar. Makedonske dikt" (saman med Yasminka Markovska), Dreyers Forlag 2011
  • "Edda-dikt I, Voluspå og Håvamål", gjendikting og kommentarar, forord av Vigdís Finnbogadóttir (Cappelen Damm 2013)
  • "Edda-dikt II, Gudedikt", gjendikting og kommentarar, forord av Jon Fosse (Cappelen Damm 2014)
  • Gerður Kristný: "Blodhest", gjedikting og essay (Nordsjøforlaget 2014)
  • "Edda-dikt III, Heltedikt, del 1", gjendikting og kommentarar, forord av Lars Roar Langslet (Cappelen Damm 2015)
  • "Edda-dikt IV, Heltedikt, del 2", gjendikting og kommentarar, forord av Kari Vogt (Capelen Damm 2016)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]