Knut A. Taraldset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut A. Taraldset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juni 1862
Død

4. august 1947 (85 år)

Knut Andersson Taraldset (25. juni 18624. august 1947) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Innvik i Nordfjord. Han representerte Moderate VenstreStortinget i tre valperiodar og var ordførar i Innvik i 21 år.

Taraldset var son til ein gardbrukar og tok i 1891 over farsgarden. Tingbolkane 1895-97, 1898-1900 og 1903-06 vart han vald til tingmann for Nordre Bergenhus amt. Han var 1895-1900 medlem i Vegkomiteen og 1903-05 sekretær i Lagtinget og på ny medlem i Vegkomiteen. Våren 1905 var han med i den 19 mann store Specialkomiteen som greidde ut kva Noreg skulle gjere etter landet braut ut or unionskongedømmet med Sverige. Den 21. august 1905 vart han permittert grunna sjukdom og kom ikkje tilbake på Tinget. Taraldset var ordførar 1911-31 i Innvik og i fleire tiår styreformann i den lokale sparebanken, forlikskommissær og medlem i amtsskulestyret mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]