Knut Børø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Børø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1948 (75 år)
Yrke friidrettsutøvar, bonde
Høgd 187 centimeter

Knut Tore Børø (fødd 28. september 1948) er ein norsk tidlegare langdistanseløpar og seinare bonde frå Hitra. Han vart nummer seks på 10 000 m under EM i friidrett 1974, og vart norsk meister på 5000 meter i 1973 og 1975, samt på 10 000 meter i 1973. Børø representerte Strindheim IL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Børø slo gjennom i 1972-sesongen, før den tid var han heilt ukjend for eit norsk friidrettspublikum. Han sprang seg då inn noregseliten på 5000 m, og deltok på distansen under sommar-OL i München saman med landsmennene Per Halle og Arne Risa. I olympiaden gjorde Børø eit svakt løp og var langt unna ein finaleplass. Men eit par veker etter dei olympiske leikane presterte han 13.45,0 i Praha i september. Dermed hadde han forbetra si personlege bestenotering på distansen med tett på 40 sekundar, målt mot tidlegare år.

Midt i 1973-sesongen forbetra Børø den personlege rekorden på halvmila til 13.39,0. Deretter sprang han 10 000 m på 28.43,0, den beste tida på distansen av ein nordmann det året. Han vart norsk meister på både 5000 m og 10 000 m den sesongen, i begge tevlingane hadde han sterkast konkurranse frå Per Halle.

Den 9. juli 1974, under ein landskamp mot Bulgaria, forbetra Børø den ferske norske rekorden på 10 000 m med nær ni sekundar til 28.14,6, den beste tida oppnådd av ein nordisk løpar i heile sesongen. I friidretts-EM 1974 i Roma knappe to månader seinare sprang han inn til sjetteplass på 10 000 m, og deretter vart han nummer 11 på 5000 m. Gjennom sesongen sprang han tre gongar under 13.30 på 5000, i det beste løpet kom han inn på tida 13.25.6.

Børø vann sitt tredje og siste NM-gull då han tok ein klar siger på 5000 m under NM i 1975 og fekk notert den goda tida 13.34,2, ein prestasjon han fekk kongepokalen for. Han deltok under sommar-OL 1976 i Montreal, men var langt unna å nå finalen.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1973: Gullmedaljar på 5000 m og 10000 m – 14.08,0 og 29.43,6; framom Per Halle (14.14.8 og 29.46,8)
  • 1974: Sølvmedalje på 5000 m – 13.54,4, bakom Knut Kvalheim (13.48,6)
  • 1975: Gullmedalje på 5000 m – 13,34,2, framom Knut Kvalheim (13.43,8)
  • 1976: Sølvmedaljar på 5000 m og 10000 m – 13.42,4 og 29.10,8, bakom Knut Kvalheim (13.41,4 og 28.53,6)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrett.no