Knut Bergslien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Birkebeinerne (1869)

Knut (Knud) Larsen Bergslien (15. mai 182727. november 1908) var ein norsk kunstmålar, fødd på Voss. Han måla folkelivsskildringar, portrett og historiske motiv.

Måleriet Birkebeinerne, med den unge Håkon Håkonsson, er spesielt kjent. Han er representert i Nasjonalgalleriet og måleriet hans, Oscar II's kroning, heng på slottet i Oslo.

Knud Bergslien utdanna seg i Antwerpen 18441852, Paris 18501851 og Düsseldorf 18551869. Ei tid dreiv han Johan Fredrik Eckersberg sin målarskule i Christiania. Nokre av elevane hans var Christian Skredsvig, Edvard Munch, Harriet Backer, Lauritz Haaland og Halfdan Egedius.

Knud Bergslien var bror til bilethoggaren Brynjulf Bergslien og farbror til kunstmålaren Nils Bergslien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Knut Bergslien