Knut Eggum Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Eggum Johansen
Fødd 25. september 1943
Bodø
Yrke samfunnsøkonom

Knut Eggum Johansen (fødd 25. september 1943 i Bodø) er ein norsk sosialøkonom og embetsmann. Han er direktør i Konkurransetilsynet (konkurransedirektør).

Johansen vart uteksaminert som sosialøkonom (cand.oecon.) frå Universitetet i Oslo i 1979, men var allereie frå 1968 vikarsekretær i Planleggingsavdelinga i Finansdepartementet. I august 1971 vart han førstekonsulent i same avdeling, der han var fram til 1975 då han tok eit friår for å studere ved University of Minnesota.

Som underdirektør i finansdepartementet inngjekk han 1981-82 i Institutt for Anvendt Sosialvitenskapelig Forsking (INAS) i Oslo som ledd i eit utvekslingsprogram med sentraladministrasjonen. Fram til 1986 var Johansen underdirektør i Planleggingsavdelinga, under leiing av Per Schreiner. Han var spesialråd ved OECD i Paris 1986-88.

Knnut Eggum Johansen gjekk inn i stillinga som konkurransedirektør i 1999, og var før dette i stillinga som ekspedisjonssjef i Toll- og avgiftsavdelinga i Finansdepartementet frå 1990.

Som konkurransedirektør har Johansen hatt ansvar for flyttinga av tilsynet til Bergen, og for saker som bl.a opphevinga av bonuspoengordninga på innanriksfly.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]