Knut Erik Tranøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Erik Tranøy
Fødd10. desember 1918
Oslo
Død19. mars 2012
NasjonalitetNoreg
Yrkefilosof
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Knut Erik Tranøy (10. desember 191819. mars 2012) var ein norsk filosof frå Oslo.

Foreldra til Tranøy var skulefolk. Sjølv vart han cand.mag. i 1943 og tok doktorgraden i filosofi ved University of Cambridge ti år seinare. Frå 1957 var han dosent i filosofi ved Universitetet i Oslo, deretter professor i filosofi ved Universitetet i Bergen i tida 1959-78. Sidan hadde han same stilling ved Universitetet i Oslo, til han i 1986 tok til som professor i medisinsk etikk ved Det medisinske fakultet i same byen.

Tranøy arbeidde i hovudsak på tre felt av filosofien: etikk, mellomalderfilosofi og vitskapsfilosofi. Mellom hans hovudverk kan reknast Det åpne sinn: moral og etikk mot et nytt årtusen frå 1998, og Vitenskapen – samfunnsmakt og livsform som kom ut i 1986.

Han vart i 2002 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]