Knut Greve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Greve

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1904
København
Død

15. september 1953 (49 år)
Svenner fyrstasjon

Yrke journalist, skribent, kunsthistorikar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Knut Greve på Commons

Knut Greve (fødd 14. mai 1904 i København, daud 1953)[1] var ein norsk kunsthistorikar, museumspedagog, journalist og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Knut Greve var son av tekstilkunstnaren Ulrikke Eleonore Sigwardt Greve (1868–1951) frå slekta Greve. Han var gift med kunsthistorikaren Eli Ingebretsen (1896–1949).

I 1929 tok han magistergraden i historie på avhandlinga Bergverksdriften i Norge før 1621, med kunsthistorie og arkeologi som støttefag. Han hadde òg studium i Tyskland bak seg, og hadde museumspraksis frå Kunstindustrimuseet i Oslo og journalistisk røynsle frå avisa Tidens Tegn, I 1930 vart han tilsett som museumslektor ved Norsk Folkemuseum, og vart med det den fyrste museumspedagogen i Noreg.

Greve vart berre verande i stillinga som museumslektor i tre år, men nådde mykje i løpet av den korte tida. Han heldt foredrag i skolekringkastingen, og foredrag for studiesirklar og arbeidarungdomslag. Berre det fyrste året hadde han hadde kurs for 205 lærarar og omvisning for 2 804 elevar. Han utvikla eit tilbod til ungdomslag som fekk omvisning på museet ved lektoren, kaffi og mat på restauranten og dans etterpå på Festplassen.

Same år som han byrja i sin stilling ved Folkemuseet, vart Greve formann for Østkantutstillingen, ein institusjon grunnlagt i 1923. Initiativtaker var bustadsinspektør Nanna Broch, og Knut Greves mor Ulrikke var frå starten av ein viktig støttespelar. Knut Greve representerte eit radikalt element ved Østkantutstillingen, eit av hans foredrag på ein av utstillinga var «mandags-kvelder» bar tittelen Kvifor er arbeidarklassa så konservativ. Samstundes var han eksponent for ein borgarleg kulturell kompetanse.

I 1930 publiserte Østkantutstillingen Greves fyrste bok, Små hjem og deres innredning. Boka var eit resultat av diskusjonane på Østkantutstillingens «måndags-kvelder» og var meint som ei hjelp og ei innleiing til diskusjon om innredning av små, moderne byhjem – eit friskt utspel frå ein ung mann som ikkje enno hadde flytta heimefrå, men enno budde hos mor i Parkveien 68! Greve innleier boka med eit kapittel om historia til møblane. Her ynskjer han som han skriv, «å koma bort frå den almindelige kunst-historiske betraktningsmåte og i staden sjå utviklinga til heimane frå eit socialt, kulturhistorisk synspunkt.». Han prøver her å kombinera ein stilhistorisk framstilling med ei klasse-perspektiv – stilhistoria vart ein avspeiling av endringar i maktforholda i samfunnet.

Til trass for si viktige rolle i arbeidde for nyttekunst og bustadssak, bestod Greves skriftlege produksjon først og fremst av mindre tidsskriftartiklar i blad som Nyttekunst, Vi selv og Våre hjem og Bonytt, og han forfatta få større arbeid i løpet av sit virke som skribent. I perioden 1938-43 var han billedredaktør for verkt Norsk kulturhistorie, redigert av Anders Bugge og [Sverre Steen]], han bidrog òg med nokre kapittel av sosialhistorisk karakter: «Vaterland», «Arbeiderne og den nye industrien», «Fra borgerskap til middelstand» og «Arbeiderne i dag». I 1943 ga han ut ei ny bok om hjemmeinnredning – Et heim blir til – og same år skreiv han kapittelet «Kultur og tradisjon i norsk nytte kunst», i Bygg og bo. Boka om det moderne hjem (Amundsen & Bøgh 1943). Ut over detta skrev Knut Greve berre nokon jubileumsskrift.

I 1932, medan han enno var lektor ved Folkemuseet vart Greve tilsett som sekretær for Foreningen Nyttekunst, ei stilling han hadde i ti år. I perioden 1931-34 var han òg redaktør for tidsskriftet Nyttekunst. Frå 1946-48 var han formann i Oslo-foreiningen og frå 1948-50 president i Norsk nyttekunst. Han var i ei årrekkje medlem av redaksjonsrådet for Vi selv og våre hjem og seinare medarbeider i Bonytt. Ved sin død i 1953 var han tilsett som medredaktør i Verdens Gang.

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Korrespondanse, årsmeldinger, medlemslister o.a. frå Østkantutstillingen,. i Nanna Brocha etterlatne papir i Privatarkivet, Riksarkivet, Oslo. (PA 680)og dessutan personalopplysninger om Knut Greve i Arkivet til norsk Folkemuseum.

  • Bing, Morten 2001: Østkanthjemmene og Østkantutstillingen.
  • Brochmann, Odd 1987: Rent bord. En historie om funksjonalismen og funksjonalistene i Norge. Utgjeve av Arkitektnytt. Oslo
  • Greve, Knut 1930: Små hjem og deres innredning. Utgjeve av Østkantutstillingen.Oslo.
  • Greve, Knut 1932: Funksjonalisme og funkis. Nyttekunst 1932:5.
  • Greve, Knut 1943: Et hjem blir til. F. Bruns Bokhandel og forlag . Trondheim
  • Greve, Knut 1943: Kultur og tradisjon i norsk nyttekunst. Amundsen & Bøgh: Bygg og bo. Boka om det moderne hjem. Sundt & co. Bergen
  • Norsk Folkemuseum. Aarsberetning 1929-30
  • Norsk Folkemuseum. Aarsberetning 1930-31
  • Studentene fra 1922. Biografiske opplysningar og statistikk samla til 25-års-jubileet 1947. Redigert av Peter Kleppe. Bokkomitéen for studentane frå 1922. Oslo. 1951.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Folketeljing 1910 for 0218 Akar herad

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]