Knut Gribb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omslaget til den første Gribb-forteljinga frå 1908. Teiknar: Sverre Knudsen

Knut Georg Gribb er ein oppdikta detektiv frå Oslo, fyrst skildra av forfattaren Sven Elvestad under pseudonymet Kristian F. Bille i 1908. Forteljingar om han har stått på trykk i magasinet Lys og Skygge (1908–10), Detektiv-Magasinet (1928–66), romanserien til Bladkompaniet Knut Gribb (1971–2004) og vore høyrespel hjå NRK Radioteateret som Knut Gribbs arbeider (1998–2010). Det finst også episodar frå livet hans i ei stor mengd andre norske og svenske magasin, vekeblad og bøker.

Signalement[endre | endre wikiteksten]

Fullmektig Knut Gribb slutta å eldast ein stad i førtiåra, ein alder han no har halde på i nesten hundre år. Særleg i dei første 30 åra av det offentlege livet til gribb varierer skildringa av hans utsjåande mykje. Omkring 1929 barberte han bort eit kjenneteikn, den buskete barten. Etter detta følgde forfattarane i aukande grad framstillinga til Øyulv Gran, som òg ligg til grunn for Bladkompaniet frå 1970. I romanserien i dette forlaget er Gribb over 1,80 meter høg, breiskuldra og veltrent, har mørkt, gråsprengt hår og skarpe, grå auge. Han er glattbarbert, elegant og velkledd på ein diskret måte. Andletet er markert. Det private våpenet hans, som han alltid ber utan omsyn til våpeninstruksen frå norsk politi, er ein Walther PPK, kaliber 7,65 . Han bur i ein leilegheit i Oscarsgate i Oslo saman med schäferen Nero. Husarbeidet er gjort av hushalderska fru Halvorsen.[1]

Blant dei mange kriminalistiske ferdigheitene til Gribb kan ein særleg framheva den utrulege forkledingskunsten hans, særleg i Lys og Skygge (der han m.a. maskerer seg som japanar) og dei tidlege åra av Detektiv-Magasinet.

I tenesta si har han kjempa mot leiande kriminelle, som meisterforbrytaren Thomas Ryer og eventyrerska Olga Barcowa. Medhjelparane hans er betjent Harald Brede og overkonstabel Finn Jerven, som begge vert overbetjentar i dei seinare historiene. Slagordet til Knut Gibb er «Brotsverk lønnar seg aldri».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kriminalforfatteren Sven Elvestad (1884-1934)

Meisterdetektiven Knut Gribb vart lansert av forfattaren Sven Elvestad, under pseudonymet Kristian F. Bille, i hefteserien Lys og Skygge 1908. Serien var tenkt som eit sunt og positivt alternativ til importerte og fordervande krimseriar som Nick Carter. Gribb-forteljingane skulle m.a. ikkje innehalda drap. Elvestad trekte seg ut i 1909, etter det 28. heftet, og Gribb-figuren vart overteken av andre forfattarar fram til Lys og skygge gjekk inn i 1910. Ein kuriositet er forteljinga «Damen med de tusen Navn», som har namnet til Elvestad/Bille, men som delvis truleg er skriven av Herman Wildenvey. Elvestad sine Gribb-forteljingar vart seinare utgjeven under det vanlege pseudonymet til forfattaren, Stein Riverton, og med namnet på helten endra til Asbjørn Krag. Etter at Elvestad slutta vart det skrive nokre Knut Gribb-forteljingar av Finn Bratt. Ein går ut frå at desse var forfatta av Thorvald Bogsrud.

Etter eit gjestespel i Tidsfordriv 1915–18 (forfattar var forleggaren Albert Johansen, alias Aadne Janson), stod Knut Gribb opp igjen for alvor i 1928 i Detektiv-Magasinet. Her fekk detektiven leva eit langt liv og løyste mange store kriminalsaker i underverda i Oslo saman med våpendragarane sine Harald Brede og Finn Jerven (opphavleg Fritz Jærven). Gribb fekk oppnamnet «Døden» i underverda i Oslo. Blant dei meste produktive forfattarane var Sverre Vegenor og Øyulv Gran.

I 1971 gjenoppliva Bladkompaniet Knut Gribb som billigbok-serie. Fram til 2004 vart det gjeve ut 104 titlar i denne serien. Serien vart nedlagd i samband med at Bladkompaniet vart kjøpt opp av Schibsted A/S. I 2006 vart det opplyst på nettstaden til Scibsted-forlaga at ein vurderte å halda fram der Bladkompaniet slapp, men ved 100-års jubileet i 2008 slo redaktør Jørgen Gaare fast at «det foreligger ingen planer om å fortsette utgivelsen av Knut Gribb-romaner». Knut Gribb-sidene ved nettstaden vart seinare fjerna. Hausten 2010 gav Schibsted likevel ut teikneseriealbumet Knut Gribb : Redselen på Krokskogen, teikna av Ivan Andreassen etter Sverre Årne sitt høyrespel frå 1998. Albumet har undertittel Jula 2010, ei antyding om at Knut Gribb kunne dukka opp igjen seinare. I 2009 gav Commentum forlag ut ein frittståande Knut Gribb-roman, Alvedansen av Egil Sandø. Dette skal ha vore den første boka om detektiven med stive permar.

Av Gribb-forteljingar frå s seinare år er nokre lagt til nåtid; andre er «historiske» Gribb-forteljingar der helten er plassert i ein tidlegare del av den lange karrieren. Blant desse er Gunnar Staalesen sin musikal Knut Gribb tar Bergenstoget.

Frå 1998 har NRK Radioteateret sendt ei rekkje høyrespel under samletittelen Knut Gribbs bedrifter. Bortsett frå enkelte dramatiseringar av eldre historier, er handlinga her lagt til mellomkrigstida. Dei fleste høyrespela er dramatiske kriminalmysterium som legg tonen tett opptil den opphavlege hefteserien, men er òg skrivne med humoristisk distanse. Blant dei mange manusforfattarane finst fleire av serieforfattarane til Bladkompaniet, som Jan H. Jensen, Sverre Årnes og Olav Ottersen, men òg meir ålment kjende namn som Gunnar Staalesen, Knut Nærum, Tor Edvin Dahl og Tor Åge Bringsværd. I februar 2010 sende NRK høyrespelet Dragens hale av Bing & Bringsværd. Ifølgje nrk.no vert dette siste høyrespel med Knut Gribb på NRK.[2]

Gribb-forfattarar[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian F. Biller (Sven Elvestad; forfattarnamn først oppgjeve i Lys & Skygge nr. 2)
  • Oscar Jærven (Engebret Amundsen; forretningsmann og journalist)
  • Finn/Fin Bratt (Antagelig Thorvald Torkildsen Bogsrud; revy- og krimforfattar)
  • Aadne Janson (Albert Johansen; boktrykkar og forleggjar)
  • Erik Storm (Kristoffer Aamot; seinare varaordførar og kinodirektør i Oslo)
  • Stein Riverton (nyopptrykk av Biller i bøker, i Dagbladet, Detektiv-Magasinet etc.; stort sett med Gribb omdøypt til Asbjørn Krag)
  • Øyulv Gran
  • Sverre Vegenor (opph. Sverre Nicolaisen)
  • John Helmann (Kristoffer Aamodt?)
  • Hermod Horne (Øivind Hogstad; lærar og forfattar, redaktør av Tyrihans)
  • Roald Strong (Conrad Ruud?)
  • Kolbein Rune (Kristen Gundelach, lyrikar og omsetjar)
  • Hauk Støyl (Kristen Gundelach?)
  • Tryggve Elveness/Elvenes (Elles ukjend. Psevd. for Sverre Vegenor?)
  • Carl Branner (Sverre Vegenor?)
  • Øyvind Grundt (Øyulv Gran. Skrev Rustadmordet 1935; faksimileutg. 2000)
  • Bob Browning (Leif Erik Beck, venn av André Bjerke; jfr. psevdonymet hans Bernhard Borge. 18 år gammal)
  • Ben I. Garko (Carl Huitfeldt, journalist, utanrikskorrespondent og eigar av Bladkompaniet)
  • John Louis (John Korsell; arbeidar og fagforeiningsmann, oppfinner m.m.)
  • Millon J. (Jesper) Markussen (16–18 år gammal då han skreiv om Gribb)
  • John/Jon/Joe/Johan Stark (John Korsell)
  • Stein Wang (Alf Halvor Kalmoe)
  • Ørnulf Bjerke (John Korsell)
  • Conrad Ruud (journalist og redaktør)
  • Styrk Vangen (John Korsell)
  • Omar Storm (John Korsell)
  • Sverre T. Børresen (Finn Duchesne de Vauvert; flygar, flyingeniør, journalist og initiativtakar til «Stay Behind»-gruppene)
  • Bernt Bastow (Finn Duchesne de Vauvert)
  • Ulf Uller (Finn Duchesne de Vauvert)
  • Birger Birch (Alf Halvor Kalmoe)
  • Rex Remington (Rolf E. Schade; journalist, jazz-kritikar og seinare informasjonssjef i Oslo Sporveier)
  • Fred Freddy (Finn Larsen; journalist, redaktør av Arbeiderbladet si «MOM»-side)
  • Peter Pan (Alfhild Hermana «Lalli» Knudsen)
  • Jan Borg (Kristen Gundelach)
  • Håkon S. Hall (Arthur Crowo; frakteskipper m.m.)
  • Finn Arnesen (skreiv si første Gribb-forteljing 13 år gammel)
  • Rolf Randall (filmregissør, fotograf og manusforfattar; omsetjar)
  • Johan Barre (Rolf Randall)
  • Pierre Pio (Oddvar Johan «Pio» Larsen)
  • Rex Ritter (Arne Ernst; redaktør og forleggjar)
  • Ranja (Lalli Knutsen; psevdonymet vanlegvis brukt i Romantikk)
  • Christian/Chr. Stjärnfeldt (Kristen Gundelach)
  • Chr. Borg (Kristen Gundelach)
  • Sven Henry (Sven Høiland; journalist og teikneserieforfattar)
  • Walter Gun (Ove Fedde)
  • Jan Elle (Arne Stig; fondsmegler og forfatter)
  • Fred Halden (Olaf Jensen; journalist og redaktør)
  • Gustav M. Galåsen (ukebladsjournalist, redaktør m.m., debuterte som Gribb-forfattar 15 år gammal)
  • Odd Faye (Odd Winger)
  • Wilhelm Bøttern (elles ukjend, truleg psevdonym)
  • Stein Welle (Lalli Knutsen. Nokre forteljingar kan vera skrivne av ektemannen Fridtjof Knutsen; kriminalreporter og -forfattar)
  • L.F. Ronson (Lalli Knutsen, truleg i samarbeid med ektemannen Fridtjof)
  • Bent Bruse (Alf Halvor Kalmoe)
  • Johnny Fay (Hans Faye-Lund; journalist, redaktør og krimforfatter)
  • Ove Fedde (journalist, masseprodusent av ulike underhaldningslitteratur)
  • John Rex (Per Weisæth; økonom og reklamesjef. Debuterte som Gribb-forfattar 19 år gammal)
  • Eilif Rydning (Leif-Harald Ruud)
  • Jan Holm (Per Weisæth)
  • Max Maister (Ove Fedde)
  • John Bell (Hans Faye-Lund)
  • Karl Kraner (Ulf Gleditsch; skribent, forfattar, reklamemann og omsetjar)
  • Karl Kramer (Ulf Gleditsch)
  • Tor Hammer (Tor Flakstad; journalist)
  • Nils Nordberg (18 då den første Gribb-fortelingja hans vart trykt)
  • Karl Tanner (Ulf Gleditsch)
  • Halvard Fjell (Odd Winger)
  • Karl Hammer (Ulf Gleditsch)
  • John Tanner (Ulf Gleditsch. Spenningsromanen Spionen som elsket sin neste, gjeven ut under dette psevdonymet, er skriven av broren Kristian Gleditsch)
  • Sten Holt (Ulf Gleditsch)
  • Torbjørn Kjørmo (lærar og skribent)
  • Carl Carner (Ulf Gleditsch)
  • Jan H. (Henrik) Jensen (forfattar og masseprodusent av populærlitteratur i ulike sjangrar, debuterte som Gribb-forfattar 16 år gammal)
  • Freddy Berger (Finn Larsen)
  • Gus M. Grayson (Gustav M. Galåsen. Psevdonymet også brukt i Western)
  • Tom Tell
  • (N.E.) Coffin (Nils Nordberg)
  • John Falk (Gustav M. Galåsen)
  • Pierre Ravn (Gustav M. Galåsen)
  • Bjørn Moe (Torbjørn Kjørmo)
  • Allen/Allan Bergen (Kolbjørn Brekstad)
  • Finn Frogner (Stein Schaug; reklamemann)
  • Finn Rainer (psevdonym; ukjent)
  • John Brewer (Arild Lillebø; journalist)
  • John Bower (Arild Lillebø)
  • Septimus Cid (Egil Østmo; journalist))
  • Carl Cason (Karl J. Kaspersen; fotograf)
  • Gunnar Bege (Bjørn Gunnar Olsen)
  • Victor Bryn (Herbert Svenkerud)
  • Olav Ottersen
  • Alf Halvor Kalmoe (journalist og populærforfattar)
  • James St. Woods (Stein Schaug og Jan H. Jensen)
  • Trond Vest (brørne Trond og Astor Furseth; sistnemnde forfattar)
  • Jan Bjørkelund (journalist og informasjonskonsulent)
  • David Torjussen (Tor Edvin Dahl)
  • Ragnar W. Otgard (spesialpedagog og forfattar)
  • Gunnar Øi
  • Gunnar Messel (forretningsmann, omsetjar m.m.)
  • Margit Sandemo
  • Carl Jørgen Kiønig
  • Oddvar Blege (Torbjørn Kjørmo)
  • Sverre Årnes
  • Jørgen Rolvsengen (Olav Ottersen)
  • Sigvart Sigg (Tore S. Holbæk Sigvaldsen; biletkunstnar og barnebokforfattar)
  • Edgar Brenner (Olav Brødsjø; økonom, banksjef og lærar)
  • Kjell-Arne Prestholt (rammemaker)
  • Einar Rustad (journalist, reklamemann og omsetjar)
  • Guttorm Eskild Nilsen
  • Knut Holt (journalist, film- og musikkmeldar)
  • Silvester Gatti (Iver Tore Svenning)
  • Willy Ustad
  • Kjell Hilt Thevik
  • Egil Sandø (sosionom)
  • Edith Ranum (dramatisering av eldre forteljingar)
  • Fredrik Skagen
  • Bjørn Carling
  • Gunnar Staalesen
  • Knut Nærum (høyrespel)
  • Egil Ekko (forleggjar, redaktør m.m.)
  • Reidar Anthonsen
  • Anonyme utgjevingar er skrivne av Sven Elvestad, Albert Johansen, Øyulv Gran, Sverre Vegenor, Einar Schibbye?, Carl Huitfeldt?

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Nordberg: Døden i kioskoen
  2. "Premiere: Vår siste Knut Gribb" på nrk.no

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Nordberg: Døden i kiosken. Oslo: Bladkompaniet 2000
  • Kristian F. Biller, Stein Riverton, Sverre Vegenor, Øyulv Gran: Mesterdetektiven Knut Gribb. Oslo: Bladkompaniet 1968 (28 siders innledning ved Nils Nordberg)
  • Dahl, Willy: Dødens fortellere. Bergen: Eide 1993
  • Gunnar Messel, Bjørn Carling, Olaf Jensen, Egil Ekko, Finn Arnesen, Olav Ottersen, Fredrik Skagen, Gunnar Staalesen: Riverton-klubben hedrer Knut Gribb. Oslo: Bladkompaniet, 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]