Hopp til innhald

Knut Hermundstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Hermundstad
StatsborgarskapNoreg
Fødd20. mai 1888
Død

20. april 1976 (87 år)

PrisarKongens fortenestmedalje, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie, Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning, historisk-filosofisk klasse

Knut Hermundstad (20. mai 188820. april 1976) var ein norsk folkehøgskulelærar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kulturarbeidar frå Valdres.

Hermundstad var fødd i enkle kår, som eldste sonen av grendeskreiar Håvard Knutsson Hermundstad, gjekk på Helgheim folkehøgskule i Sogndal kommune (1907–08) og tok lærarskule på Hamar 1908-11. Den fyrste lærarstillinga hans var i Etnedal kommune, og deretter ved framhaldsskulen i Øystre Slidre kommune 1915-1917. Etter det vart han lærar ved Valdres folkehøgskule 1917-1953, inntil han i ein alder av 65 vart statsstipendiat og kunne samla seg om kulturminnearbeid og folkeminnesamling på heiltid.

Hermundstad var formann i Valdres bygdeboknemnd 1949-68 og redaktør for 5 bind av bygdeboka. Vidare var han formann i styret for Valdres Folkemuseum, medlem av styret for Valdres Historielag frå 1932 til han døydde (leiar 1945-51). Her leidde han årbokredaksjonen 1933-1942. Han leidde avhaldslosjen Ungskogen 1920-27 og var fylkesleiar i Det Norske Totalavholdsselskap 1927, 1929 og 1930.

Som folkeminnesamlar debuterte han med «Gjætarliv i Valdres i gamal tid» i Tidsskrift for Valdres Historielag 1933. Boka Gamletidi talar vart gjeven ut av Norsk Folkeminnelag i 1936 som det fyrste av i alt 8 bind med Gamal Valdreskultur.

Han vart nemnt ut til statsstipendiat i 1954, fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1973, pris frå Nansenfondet, Asbjørn Klostermedaljen for avhaldsarbeidet og var æresmedlem i fleire organisasjonar.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Av Hermundstad

[endre | endre wikiteksten]
  • Gamletidi talar. Gamal valdreskultur, 1. 1936
  • «Valdresnaturen» I: Den norske turistforenings årbok 1939
  • Bondeliv : Samrødor og song etter Ragndi Moen. Gamal Valdres-kultur, 2. 1940
  • Litt kyrkjesoga frå Vang i Valdres. 1942 (Særtrykk fra Tidsskrift for Valdres Historielag 1940 og 1941)
  • I manns minne. Gamal Valdres-kultur, 3. 1944
  • Ættararv. Gamal Valdres-kultur, 4. 1950
  • Ættarminne. Gamal Valdres-kultur, 5. 1952
  • Valdres folkemuseum i 50 år. 1953
  • Valdres handelssoga : Med bilete : 60-års jubileumsskrift for Valdres handelsstands forening : 1892-1952. 1953 (= Valdres bygdebok, bd 4)
  • I kveldseta. Gamal Valdres-kultur, 6. 1955
  • Kvorvne tider : Gamal Valdres-kultur, 7. 1961
  • Valdres bygdebok, bd 5, del 1. 1964 (Hermundstad skreiv stoffet om jakt, fiske, reiseliv, handverk)
  • Øye stavkyrkje. 1965
  • Valdres bygdebok, bd 5, del 2. 1965 (Hermundstad skreiv stoffet om stølsbruk og industri)
  • St Tomaskyrkja på Fillefjell. 1966
  • Truer om villdyr, fangst og fiske. Gamal Valdres-kultur, 8. 1967
  • Høre stavkyrkje, bygd ikr. 1180. 1968
  • Vang stavkyrkje, truleg bygd ikr. 1175. 1969
  • Valdres bygdebok, bd 6. 1969 (Hermundstad skreiv stoffet om folkemusikk, misjonsforeninger og dissentere)
  • Villreinsjakt i Sør-Jotunheimen 1864-1899. 1972
  • Samversskikkar i Valdres. 1975
  • Dertil ei rekkje artiklar i Tidsskrift for Valdres Historielag, i Jul i Valdres, i Valdres folkehøgskules blad Vårvon, avisa Valdres og andre stader.

Om Hermundstad

[endre | endre wikiteksten]
  • Festskrift til Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1958
  • Minneskrift om Knut Hermundstad = Tidsskrift for Valdres Historielag 1977
  • «Kva Hermundstad skreiv, eit bibliografisk riss» I: Tidsskrift for Valdres Historielag 1977