Knut Jørgen Røed Ødegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Jørgen Røed Ødegaard

Fødd6. mai 1966
NasjonalitetNoreg
Yrkeastrofysikar
InstitusjonarInstitutt for teoretisk astrofysikk
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleAnne Mette Sannes
MedlemNorsk Astronomisk Selskap

Knut Jørgen Røed Ødegaard (fødd 6. mai 1966) er ein norsk astrofysikar og formidlar av populærvitskap. Han er stipendiat og formidlingsansvarleg ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo og dagleg leiar for verksemda ved Solobservatoriet på Harestua.

Ødegaard har stått sentralt i planlegginga og gjennomføringa av ei rekkje astronomirelaterte arrangement dei seinare åra, som arrangementa i samband med Venuspassasjen i 2005 og solformørkinga i 2004. Han var prosjektleiar for Astrofestivalen i 2001. Ødegaard har vore ein viktig medverkande til barne- og ungdomsprogrammet Newton på NRK1. Med sitt engasjement og breie kunnskapsfelt har han vore med på å auka interessa for astronomi og realfag i Noreg. Han jobbar òg som forfattar og omsetjar, og leia ein periode radioprogrammet Hurum og Ødegaard i Kanal 24 saman med paleontologen Jørn Hurum. I 2004 mottok han prisen Årets kommunikator av Kommunikasjonsforeningen for sin omfattande innsats for formidling av vitskap i massemedia. Mellom 2005 og 2008 var han leiar i Norsk Astronomisk Selskap.

Ødegaard har òg hatt ein gjesteopptreden i ein sketsj som seg sjølv med komikergruppa Team Antonsen i 2006 for NRK.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]