Knut J. Standal
| Knut J. Standal | |||
| Fødd | 13. juni 1876 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 9. april 1965 (88 år) | ||
Knut Jonsson Standal (13. juni 1876–9. april 1965) var ein norsk gardbrukar på Indre-Standal i Hjørundfjord. Han var ordførar 1932-34 i dåverande Hjørundfjord kommune.
Standal arbeidde på farsgarden Frikegarden i mange år før han fekk skøyte på garden i 1923. Han var gift med Ingeborg Thoresdotter, f. Rekedal. Dei fekk ikkje born men tok til seg granneguten Harald, han fekk delt skøyte på Frikegarden i 1949. Knut hadde fleire offentlege verv, var ei tid formann i jordstyret og 1926-28 formann i forstandarskapen i Hjørundfjord Sparebank. «Han hadde god innsikt og kunnskap om bygging, og vart ved fleire høve nytta både privat og av kommunen når nybygg skulle realiserast.»[treng kjelde] Han «tileigna seg medisinske kunnskapar» ved å lese medisinsk litteratur.[treng kjelde] Ofte vart han rådspurt i bygda om noko helsemessig stod på. Valbolken 1932-34 var han ordførar i Hjørundfjord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 66f. 2024
- Folketeljinga 1920