Knut K. Heje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den eldre broren med same namn, sjå Knut Knutsen Heje.
Knut K. Heje

Fødd27. februar 1860
Død13. mai 1925 (65 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde
Alle verv

Knut Knutsson Heje (27. februar 186013. mai 1925) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Flå i Buskerud som representerte einmannskrinsen Hallingdal og partiet Venstre på stortinget 1916-18.

Heje var elev 1876-78 på Jønsberg landbruksskole og studerte 1879/80 ved Ås høgre landbruksskule og 1883/84 Den kongelige Veterinær- og Landbrukshøyskole i København. Eit års tid var han så styrar ved Stange Meieribolag, før han i 1885 tok over farsgarden Heje i Flå. Tida 1904-10 var han ordførar i Nes herad og forlikskommissær, elles var han medlem både av skulestyret i Nes og i amtet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]