Knut Mykland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Mykland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1920
Mykland
Død

4. november 2005 (85 år)
Bergen

Yrke professor, historikar

Knut Mykland (20. april 19204. november 2005) var ein norsk historikar, for det meste knytt til Universitetet i Bergen. Han spesialiserte seg særleg på dansketida og hendingane knytt til 1814. Mykland framheva positive drag ved unionen med Danmark. Han la vekt på at hopehavet i Danmark-Noreg gav føremoner for norsk økonomi. Han var fødd i bygda Mykland i Aust-Agder fylke, og døydde i Bergen.

Han byrja å studere ved Universitetet i Oslo i 1940. Krigen førte til eit avbrot i studia, og han flykta til Sverige og vart norsk politisoldat. Etter frigjeringa byrja han med hovudfagsstudiar i historie med Sverre Steen som vegleiar.

Mykland vart saman med Alf Kaartvedt utnemnd til den fyrste professoren i historie ved det nyoppretta Universitetet i Bergen i 1957. Denne stillinga hadde han til 1987. Han var hovudredaktør for femtenbinds-verket Norges Historie, som kom ut på Cappelens Forlag i perioden 1976-1980. Han var sjølv forfattar av binda om tida frå 1648 til 1720, og om perioden 1784-1814. Då sosialhistoria fekk fornya interesse på 1970-talet, var Mykland mellom initiativtakarane til digitaliseringa av folketeljinga frå 1801. Seinare dette tiåret sette han i gang det nordiske forskingsprosjektet Sentralmakt og lokalsamfunn der Danmark-Noreg og Sverige-Finland vart systematisk samanlikna.

Myklands skrivestil ber preg av grundig kjeldekunnskap. Han illustrerer poenga sine med utsegner frå primærkjeldene, slik at sitata tilsynelatande er heilt innvevd i teksta.

Historiesyn[endre | endre wikiteksten]

Mykland vidarefører tradisjonen frå konservative historikarar som Torkel H. Aschehoug og Yngvar Nielsen. Desse hevdar at unionen med Danmark i hovudsak var fordelaktig for norsk økonomi og kultur. Mykland er ein talsmann for at Oldenborg-staten var eit av dei mest liberale regima i samtidas Europa. Han hevdar òg at skattenivået i Noreg i dansketida var relativt lågt, kanskje berre 2-3%. Mykland peikar også på at straffenivået var relativt lågt. Påstanden om lågt skattenivå førte til ein langvarig debatt med Kåre Lunden som har eit "kolonialistisk" utbyttingsperspektiv på dansketida.[1] Ynskje om norsk sjølvstende før 1814 kom ifylgje Mykland frå borgar- og embetsmannshald, ikkje frå bønder. Misnøya var ikkje retta mot Oldenborgregimet i seg sjølv, berre mot heilstatspolitikken og målsetjingane i denne. Bøndene opprettheldt lojaliteten mot kongen og regimet. Mykland hevdar at Kristian Fredrik i 1814 handla på oppdrag av Fredrik 6., målet var å gjenopprette unionen Danmark-Noreg. Han ser kornleveransane frå Danmark til Noreg som indisium på dette motivet; "uten [ kornet ] ingen riksforsamling, intet kongevalg, ingen 17. mai" [2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1955 Grandeur et decadence: en studie i Ernst Sars' historiske grunnsyn, historiografi om Sars
  • 1955 Skiftet i forvaltningsordningen i Danmark og Norge i tiden fra omkring 1630 og inntil Frederik den tredjes død
  • 1955 Fra Søgaden til Strandgaten 1807-1880, Trondheim bys historie bind 3.
  • 1967 Omkring 1814, Redaktør av denne antologien
  • 1977 Gjennom nødsår og krig 1648-1720, Cappelens Norges Historie bd 7
  • 1978 Kampen om Norge 1784-1814, Cappelens Norges Historie bd 9
  • 1985 Revolusjonstid og Napoleonstid, Cappelens verdshistorie bind 13
  • 1987 Norge i dansketida, saman med Sverre Bagge (som skreiv om tida før reformasjonen). Opphavleg eit bind om Noreg i den dansk-norske unionen i Politikens Danmarkshistorie. Dansk tittel: "Norge under foreningen med Danmark"


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lunden, Kåre 1980, ”Norsk økonomi under dansk styre”, Historisk tidsskrift:88-108
  2. Cappelens Norges Historie bd.9 s 322

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]