Knut Myrstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Myrstad (2. desember 191327. mai 2001) var ein lærar, indremisjonsmann og politikar frå Selje i Nordfjord. Han representerte Kristeleg Folkeparti og Sogn og Fjordane fylke på Stortinget frå 1965 til 1977.

Myrstad var son til ein småbrukar og fiskar. I ungdomsåra gjekk han Nordfjord ungdomsskule 1931/32, Selje arbeidsskule 1932/33 og Indremisjonens bibelskule 1933/34. Frå 1934 var han ungdomssekretær i Nordfjord Indremisjon til 1945 og så i Indremisjonsselskapet til 1946. Sidan vart han krinssekretær 1946-48 i Sunnfjord indremisjon og 1948-55 i Nordfjord Indremisjon.

Frå 1955 til 1957 arbeidde Myrstad som lærar i folkeskulen i Selje. Deretter var han til 1965 atter krinssekretær i Sunnfjord indremisjon, bortsett frå 1962-64 då han underviste ved Indremisjonsselskapet sin bibelskule i Oslo.

Myrstad vart vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i 1965 og attvald to gongar. Valbolken 1965-69 var han medlem av Protokollkomiteen, dei siste åtte tingåra hadde han sete i Landbrukskomiteen. Han var elles landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti 1973-75 og i same periode varamedlem til sentralstyret i partiet.

Åra 1971-75 var Myrstad medlem i eit offentleg utval som utgreidde ymse stat/kyrkje-spørsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi