Hopp til innhald

Knut O. Aarethun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut O. Aarethun
Fødd19. januar 1942 (82 år)
Lærdalsøyri
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • fylkesordførar i Sogn og Fjordane (1995–1998)
  • ordførar i Lærdal (2003–2007) Sjå dette på Wikidata

Knut O. Aarethun (fødd 19. januar 1942) er ein norsk politikar frå Lærdalsøyri. Aarethun er økonomisjef og rådgjevar ved fylkessjukehuset i Lærdal og Arbeidarparti-politikar. Han har vore tilsett ved sjukehuset sidan 1964.

Aarethun har vore medlem av kommunestyre og formannskap i Lærdal i fleire periodar frå 1967, og medlem av fylkestinget sidan 1981. Han har vore medlem av fylkesutvalet det meste av tida sidan og leiar for Arbeidarparti-gruppa. Dessutan var han fylkesvaraordførar i perioden 1991–1995 og fylkesordførar i perioden 1995–1999. I 2003–2007 var han òg ordførar i Lærdal kommune.

Mellom anna har Aarethun også vore tillitsvald i Norsk Kommuneforbund, idrettsleiar, leiar for Kommunenes Sentralforbund i Sogn og Fjordane, styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]