Knut Olavsson Mevasstaul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Olavsson Mevasstaul
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1785
Kviteseid
Død

1862 (77 år)
Kviteseid

Yrke kunstmålar

Knut Olavsson Mevasstaul (178521. oktober 1862) var ein norsk gardbrukar og rosemålar frå Kviteseid i Telemark.

Mevasstaul var «ein av dei beste og mest kjende» rosemålarane i Telemark. Døme på interiørmålinga hans finst Rinde i Åmotsdal, Nordgarden i Langlem, Øvre Klomset og Meås i Seljord, samt på Donstad i Morgedal. Han måla også mange kister. «Kunsten hans har ei sterkt drag av rokokko, med fint avstemde fargar», skriv Øystein Vesaas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958