Knut Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Olsen
Nordiske Mediedager 2010 - Thursday - NMD 2010 (4583095727) (cropped).jpg
Fødd 26. juli 1953
Bærum
Død

11. januar 2011

Yrke journalist
Knut Olsen på Commons

Knut Olsen (26. juli 195311. januar 2011) var ein norsk journalist og NRK-programleiar frå Hosle i Bærum kommune. Han er mest kjend som NRK-programleiar i Redaksjon 21, Brød og Sirkus og Dagsrevyen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Olsen starta karrieren sin i avisa Nordlands Framtid og som frilansar i Klassekampen i 1980. Etter to år på medielinja til Høgskulen i Volda, debuterte han for NRK i 1983, fyrst som radioreporter for NRK Østfold, deretter i NRK Østlandssendingen og Oslo-redaksjonen i NRK P2.[1]

I 1990 starta han på fjernsyn i debattprogrammet Antenne Ti. I 1992 vart han reporter i Dagsrevyen, der han heldt fram til han døydde. I tida i Dagsrevyen vann han m.a. Gullruten for ein reportasje om krigen i Bosnia. Han jobba også som sportsreporter med Claus Wiese under Vinter-OL 1994Lillehammer og Vinter-OL 1998 i Nagano.

Elles i NRK har Olsen vore programleiar for Redaksjon 21 og Brød og Sirkus. Dei siste åra av livet sitt var han programleiar for Dagsrevyen saman med Nina Owing. Hausten 2010 vart han sjukemeld, og døydde etter kort tids kreftsjukdom i januar 2011.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Knut Olsen var gift og hadde fem born. Broren hans, Øystein Olsen er noverande sjef for Norges Bank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Espen Aas (11. jan 2011). «Knut Olsen er død». NRK. Henta 27. jan 2011.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato=, |dato= (hjelp) Nekrolog om Knut Olsen