Knut Kirkhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Knut Rasmussen Kirkhorn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Kirkhorn
Knut Kirkhorn.png
Knut Kirkhorn. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1885.
Fødd31. mai 1830
Hornindal
Død3. mars 1885
Tynset
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Knut Rasmusson Kirkhorn (31. mai 18303. mars 1885) var ein lærar, gardbrukar og politikar for Venstre. Stortingsrepresentant 1875, 1877 og 1880–85. Han var fyrste ordføraren i Hornindal.

Kirkhorn var frå Hornindal i Nordfjord, faren var gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Stord i 1850, og deretter huslærar hos soknepresten Nils Nilssen DahlEid i Nordfjord, Walter Scott Dahl var då ein av elevane hans. Han va lærar og kyrkjesongar i heimbygda Hornindal frå 1852. I 1859 tok han over farsgarden og dreiv sidan denne. Då Hornindal i 1867 vart utskilt som eige herad frå Eid, vart Kirkhorn vald til ordførar.

20. februar 1875 møtte Kirkhorn for fyrste gong på Stortinget, som vararepresentant frå Nordre Bergenhus amt. Han var på Stortinget ut 1875-sesjonen som medlem av protokollkomiteen, og han sat der også heile 1877-sesjonen som varamann. 1880–85 møtte han som amtets 4. representant, heile tida var han medlem av kyrkjekomiteen, inkludert 1877. Han var 1880-85 også medlem av Lagtinget, og var såleis 1883-84 medlem av riksretten.

Kirkhorn døydde på Tynset 3. mars 1885, på heimferd frå Stortinget. Dagen føreåt fekk han, grunna sjukdom, permisjon frå Stortinget og reiste då med tog frå Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]