Knut Storberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knut Storberget
none  Knut Storberget Foto: Scanpix/Statsministerens kontor
Knut Storberget
Foto: Scanpix/Statsministerens kontor
Fødd 6. oktober 1964

Elverum

Wikimedia Commons: Knut Storberget

Knut Storberget (fødd 6. oktober 1964 i Elverum) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han har vore justisminister i Regjeringa Stoltenberg II sidan 2005. Storberget har vore innvald på Stortinget frå Hedmark sidan 2001, etter å ha vore vararepresentant sidan 1993. Storberget har bakgrunn som strafferettsadvokat. Han er gift og har tre born.

Storberget tok grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1984 til 1985, og studerte rettsvitenskap på same stad i åra 1985–1990. Han praktiserte som strafferettsadvokat med eige firma frå 1992 til 2002, og Storberget har som advokat hatt møterett for Høgsterett frå 2002.

Storberget var styremedlem i Hedmark Arbeiderparti i 1997–2001, og kommunestyremedlem i Elverum i åra 1991–1999. Han var også styreleiar i Hedmark teater frå 1998 til 2001. I tillegg har han vore styremedlem i Avholdsfolkets landsråd, UNICEF Noreg, FORUT, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og i eigarselskapet til Hamar Arbeiderblad. Han er totalavhaldsmann, og er også motstandar av ei liberalisering av narkotikalovgjevinga.[1] Han var leiar i NGU, forløparen til Juvente, frå 1989 til 1991.

Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2001, og tok plass i Stortingets justiskomité og Stortingets valkomité. Han markerte seg tidleg som justispolitisk talsmann i Arbeidarpartiet. Ved stortingsvalet 2005 vart Storberget gjenvald, men vart like etter utpeikt til statsråd i Justis- og politidepartementet (justisminister) i regjeringa Stoltenberg II. Thomas Breen møtte for Storberget på Stortinget. Han var sjukmeld frå 25. februar til 30. mars 2009, grunna striden rundt bruk av hijab i det norske politiet.[2] Ved stortingsvalet 2009 vart Storberget gjenvald til Stortinget, og Thor Lillehovde møter som representant i denne perioden.

Storberget har vorte drapstruga av både Erik Gjems-Onstad og Øyvind Heian.[3][4]

Den 11. november 2011 gjekk Storberget av som justisminister. Tidlegare forsvarsminister Grete Faremo tok over stillinga hans, og Espen Barth Eide tok over som ny forsvarsminister. [5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Juridisk kontroll med alkoholpolitiske beslutninger (1993)
  • Jus og alkoholpolitikk (1995)
  • Bjørnen sover, om vold i familien (2007, medredaktør)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fra hasjisj til heroin» hjå NORMAL (2007).
  2. «Justisministeren sykemeldt» hjå Justis- og politidepartementet (26.02.2009).
  3. «Vil gi arv til Benjamins drapsmann», NTB hjå ABC Nyheter (09.06.2008).
  4. «Fra Vigrid til Tinget?» av Lene Granli hjå NRK Østafjells (17.07.2007).
  5. Aftenposten.no, 11.11.11: Knut Storberget går av

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]