Knut Torbjørn Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Torbjørn Eggen
Fødd 1. november 1960
Orkdal
Død

20. februar 2012
Moss

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Knut Torbjørn Eggen (1. november 196020. februar 2012) var ein tidlegare fotballspelar og fotballtrenar. Han var son til fotballtrenaren Nils Arne Eggen.

Eggen trente Fredrikstad Fotballklubb opp frå 2. divisjon, via Adeccoligaen og til Tippeligaen på tre år (2001-2003). Altså greidde han to opprykk på to forsøk. Han enda med å vinne cupfinalen 2006, noko som blei siste kampen hans for klubben. Han jobba som sportsdirektør i Rosenborg BK frå 2007 - 2008. Sidan 1. august 2008 var Eggen fotballtrenar på Wang Toppidrett i Moss. 1. desember 2008 gjekk Eggen inn i stillinga som utviklingsansvarleg i Moss FK. Her leidde han éi trening i veka for A-laget til klubben.

Karriere som trenar[endre | endre wikiteksten]

Per 31. oktober 2007

Klubb Stilling Periode
Noreg Aalesund Hovudtrenar 1994-1996
Noreg Moss Hovudtrenar 1997-2001
Noreg Fredrikstad Hovudtrenar 2002-2006
Noreg Rosenborg Sportsdirektør 2007-2008
Noreg Moss Utviklingsansvarleg 2008-2012

Kjelder[endre | endre wikiteksten]