Knut Uksnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Uksnøy
Fødd15. januar 1882
Død25. mars 1960
Statsborgar avNoreg
Yrkefiskar, politikar

Knut Larsson Uksnøy (15. januar 188225. mars 1960) var ein norsk fiskar, organisasjonsmann og politikar. Han var fødd på Uksnøya som då låg i HaramSunnmøre, seinare overflytta til Sandøy i Romsdal.

Knut Uksnøy tok til som fiskar 15 år gamal, og vart skipper på eigen båt då han var 22. Han vart med i Harøens Fiskeriforening i 1898. Han var pådrivar ved skipinga av Sunnmøre og Romsdal Fiskerforening i 1915. Like eins gjekk han sterkt inn for skiping av Norges Fiskarlag i 1926. I ein avisartikkel i februar 1927, skisserte han korleis omsetninga av storsild burde organiserast. Ideane hans låg til grunn då Storsildlaget vart skipa seinare same året. Her sat han i styret frå starten og til 1933. 1944–1945 var han formann i Sunnmøre Fiskarlag.

Under 2. verdskrigen freista NS å få kontroll over Norges Fiskarlag. Det lukkast ikkje. Sidan Knut Uksnøy var kritisk til leiinga i fiskarlaget i andre saker tok NS utsegnene hans til fordel for seg. Det var det ikkje grunnlag for. Likevel førte det til at Knut Uksnøy vart suspendert frå Norges Fiskarlag på landsmøtet i 1945. Ei medårsak til suspensjonen kan ha vore at Sunnmøre Fiskarlag, der han var formann, låg i strid med Norges fiskarlag om organiseringa av fiskeriomsetninga. Uksnøy gjekk til rettssak mot fiskarlaget. Han fekk medhald i Trondheims byrett i 1948. Etter at partane inngjekk forlik, var suspensjonen oppheva og Knut Uksnøy fekk erstatning. I 1953 vart han utnemnd til æresmedlem i Norges Fiskarlag.

Knut Uksnøy skreiv manusskriftet til fiskarfilmen Ut mot havet, som var ferdig i 1955. Han leidde arbeidet med utgjevinga av Fallboka for Møre og Romsdal, som Sunnmøre fiskarlag gav ut i 1959. Uksnøy stod på førsteplass på lista til Aktive Fiskarar ved Stortingsvalet i 1936. Ved Stortingsvalet i 1945 vart han 1. vara representant for Bondepartiet i Møre og Romsdal. Han møtte og på Stortinget ei kortare tid.

Knut Uksnøy fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kjølås: Fiskarhøvdingen i 100 år 100 navn Personer som har preget hundreåret på nordvestlandet Sunnmørsposten Forlag 2000
  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag 2005
  • stortinget.no