Knutna Nävar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knutna Nävar (knytte nevar) var ei kommunistisk musikkgruppe frå Göteborg som var aktive på 1970-talet. Dei gav ut to plater gjennom det Svenske Kommunistiske Parti sitt plateselskap Proletärkultur, og to singlar vart utgjevne av Clarté ML. Nokre av deira mest kjende songar er Sången om Stalin, Det är något konstigt med friheten, Arbetarbröder og Balladen om Ho Chi Minh.

Mange av melodiane er lånt frå klassiske kampsongar, som den italienske 'Bella Ciao', men òg frå klassiske amerikanske songar som til dømes songar av Joe Hill og Woody Guthrie.

Per i dag er det svært vanskeleg å få tak i Knutna Näver sine plater i fysisk format, og dei få kopiane som finst er svært mykje verd. Knutna Nävar sin musikk florerer i fildelingsnettverk og på YouTube.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • De svarta listornas folk (1973)
  • Hör Maskinernas Sång (1973)
  • Vi slåss för vår framtid (1972)
  • Dom ljuger
  • Internationalen och andra revolutionära arbetarsånger

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]