Knutshøa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit 1 517 meter høgt fjell på sørsida av Gjende i Jotunheimen ber òg namnet Knutshø
Knutshøa
fjell
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Oppdal (Trøndelag)
Fjellkjede Dovrefjell
Høgd 1 690 moh
Primærfaktor 660 m
Koordinatar 62°18′23″N 9°41′12″EKoordinatar: 62°18′23″N 9°41′12″E

Knutshøa er eit fjell i Oppdal i Trøndelag. Det har ei høgd på 1 690 meter over havet og er det 800. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Knutshøa består av tre toppar. Søre Knutshøa er den høgste med 1 690 moh, medan Nordre Knutshøa er 1 684 moh og Midtre på 1 617 moh.

Etter at botanikaren Matthias Numsen Blytt vitja området i 1836 fekk Kongsvoll-Knutshø-området ry for å ha ein særs artsrik flora. Sidan reiste ei mengd forskarar og amatørar hit, og den tidvis intense botaniseringsaktiviten førte til at området i 1911 blei det første i Noreg som fekk status som botanisk verneobjekt.[1] I dag er Knutshø Sør-Norges mest kjente plantefjell.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Floraen i Drivdalen på drivdalen.no
  2. Dovrefjells flora på ntnu.no