Store Knutsholstinden
Store Knutsholstinden | |
fjell | |
Sett frå nord, frå Raudhamran på Surtningssue
|
|
Land | ![]() |
---|---|
Område | Vågå (Oppland) |
Fjelltrakt | Jotunheimen |
Høgd | 2 341 moh |
Primærfaktor | 969 m |
Førstestiging av | 13. juli 1875 (Johannes Thomassen Heftye, Knut Lykken, Gullik Gulliksen Lid) |
Koordinatar | Koordinatar: |
Store Knutsholstinden er eit fjell i Vågå kommune i Oppland. Med ei høgd på 2341 meter over havet er fjellet det 14. høgaste i Noreg. Fjellet ligg på ein høg rygg mellom Knutsholet mot aust og Svartdalen mot vest. Mot Knutsholet er tinden alpin, med store hengebrear.
På midten av 1800-talet vart Knutsholstinden sett på som ubestigeleg, og dessutan trudde enkelte at han den var Noregs høgaste fjell. Johannes Heftye si førsteklatring i 1875 vart sett på som ei stor bragd, og vart i samtida samanlikna med Slingsby si klatring av Storen. Mellom Slingsby og Heftye oppstod det eit kjensleladd, offentleg ordskifte, med nasjonalistiske undertonar. Som ei følgje av dette, og for å vise at Storen var eit enkelt fjell å klatre, fann Heftye ruta på Storen som seinare har vorte normalvegen, Heftye-ruta.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ben Johnsen: Jotunheimens stortoppar, NTK 1991, s. 157-161.

|