Knutskyrkja i Harme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Knutskyrkja i Harme er ei kyrkje nemnd i Aslak Bolts jordebok. Harme er eit gammalt namn på Velfjorden i Brønnøy.

I følgje jordeboka åtte «Knutzkirkia j Harme» desse eigedommane:[1]

  • «Af bølit j Harme»
  • «Af Dilstadhom» (Lese som Dolstad, truleg heller Hillstad i Velfjord, Brønnøy[2]
  • «Af Brekko» (Brekk i Vik, Sømna)
  • «Af nørdra Husom» (Nordhus, Brønnøy)
  • «Af mid Husom»
  • «Af Hognastadom» (Hongset, Brønnøy)
  • «Af Raudhello» (Rødhylla, Brønnøy)

Kyrkja kan vere identisk med St. Knuts kyrkjeruin på Tilrem. Denne kyrkja gjekk ut or bruk i tida omkring svartedauden. Ruinen vart delvis utgravd av Einar Høvding på 1930-talet. [3] Tilrem var ein viktig ting- og marknadstad. Truleg har kyrkja vore oppført av danske misjonærar utsende av kong Knut. Jordeboka til erkebiskop Aslak Bolt nemner eigedommar kyrkja åtte, men som det ikkje lenger vart betalt leige for. At eigedomstilhøvet er nemnde i fortid, ved at verbforma åtte er bruka, tyder på at kyrkja ikkje lenger var i bruk då jordeboka vart skriven omkring 1430.

Det er likevel enno usikkert om ruinen på Tilrem verkeleg er Knutskyrkja.[4]

I 2007 vart ruinane konserverte, og 2. pinsedag 2008 vart det igjen halde gudsteneste i kyrkjeruinene på Tilrem.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aslak Bolts jordebok ved Jon Gunnar Jørgensen, Oslo 1997 ISBN 82-548-0052-9
  2. Munnleg meddeling frå bygdebokredaktør Kjell Jacobsen, Vefsn
  3. Øystein Ekroll: «Guds hus i stein og tre» i Helgeland historie 1994 ISBN 82-90148-55-0
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. desember 2007, henta 21. mai 2008 
  5. http://www.helgeland-arbeiderblad.no/nyheter/article3524855.ece?service=print

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]