Hopp til innhald

Košice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Košice (fleirtyding).
Košice
Kassa
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: Rákóczy-byen
Land  Slovakia
Region Košice
Høgd 206 m
Areal 243,733972 km²
Folketal 222 286 (31. desember 2025)[1]
Først nemnd i 1230
Postnummer 040 00
Retningsnummer +421-55
Bilnummer KE
Kart
Košice
48°43′00″N 21°15′00″E / 48.716666666667°N 21.25°E / 48.716666666667; 21.25
Wikimedia Commons: Košice

Košice[a] er ein by aust i Slovakia. Han ligg ved elva Hornád aust i Dei slovakiske malmfjella, nær grensa til Ungarn. Med om lag 235 000 innbyggjarar er han den nest største byen i landet etter Bratislava.

Byen er eit økonomi- og kultursenter aust i Slovakia og sete for Košice kraj og Košice sjølvstyrte region, det slovakiske forfatningsdomstolen, tre universitet, forskjellige sokn og andre institusjonar. Byen har eit godt bevart historisk senter med den største gotiske katedralen i Slovakia. Košice fekk byvåpenet sitt i 1369,[2] og er dermed ein av dei første busetnadane i Europa som fekk sitt eige byvåpen.

Ein har funne spor etter menneske her tilbake til eldre steinalder. Dei første skriftlege kjeldene som viser til Košice er først frå 1230, då han vart kalla Villa Cassa. Etter mongolinvasjonen i 1241, inviterte kong Béla IV av Ungarn tyske kolonistar til å busetje området på ny: Nedre og Øvre Košice vart slått saman på 1200-talet. Dei første byrettane fekk Košicei 1290.[3] Byen voks raskt på grunn av den strategiske plasseringa ved den internasjonale handelsruta til Polen. Han fekk privilegium av kongen for å utvikle handverket, handelen og den generelle utviklinga av byen.[4] Det eldste laug-reglementet vart registrert i 1307.[5] I 1321 vart Košice ein fri kongeleg by etter han styrkte troppane til kongen då det stod på som verst i det blodige slaget ved Rozgony mot Amadé-familien. I 1347 vart Košice den nest viktigast byen av dei frie kongelege byane i Kongedømet Ungarn etter hovudstaden Buda. Som den første byen i Europa fekk Košice sitt eige byvåpen i 1369 frå Ludvig I av Ungarn.[3] Riksdagen som Ludvig I kalla saman til i Košice avgjorde at kvinner kunne få arve den ungarske trona. Sidan starten av 1400-talet hadde byen ei førande rolle i Pentapolitana – eit byforbund av dei fem viktigaste byane nord i kongedømet, Bardejov, Levoča, Košice, Prešov og Sabinov.[6]

Historia til Košice vart dei neste hundreåra påverka av forskjellige dynasti som stridast om den ungarske trona. Władysław III av Polen klarte ikkje å erobre byen i 1441. Leigesoldatane til Johann Giskra frå Böhmen slo den ungarske armeen til Tamás Székely i 1449. Albert, fyrsten av Polen, klarte heller ikkje å erobre byen under ei seks månader lang omleiring i 1491. I 1526 gav byen seg over til Ferdinand I av Det tysk-romerske riket. János Szapolyai erobra byen i 1536 men Ferdinand I tok han attende i 1551.[7] I 1604 okkuperte Stephen Bocskay Košice under opprøret hans mot Habsburgmonarkiet. Giorgio Basta, kommandanten til dei habsburgske styrkane, klarte ikkje å ta byen, men Ferdinand I tok han til slutt i 1606. Stephen Bocskay døydde i Košice den 29. desember 1606. 5. september 1619 erobra Gabriel Bethlen Košice i eit anna antihabsburgsk opprør. Košice var staden der han gifta seg med Katalin Brandenburgi.[8] Den 18. januar 1644 valde Riksdagen i Košice George I Rákóczi som fyrste av Ungarn. I 1657 vart det grunnlagd eit prenteverk og eit gymnasium av jesuittar i byen. Byen vart omleira av kurutsar fleire gonger i 1670-åra og byen gjorde opprør mot den habsburgske keisaren. Opprørsleiarane vart massakrert av soldatane til keisaren den 26. november 1677. Ei moderne femkanta festning vart bygd av habsburgarane sør for byen i 1670. Ei annan opprørsleiar, Imre Thököly, erobra byen i 1682, men den austerrikske feltmarskalken Aeneas de Caprara tok han tilbake 25. oktober 1685. Festninga var øydelagd i 1713.

På 1600-talet var byen i røynda hovudstad i Øvre Ungarn (i 1563–1686 som sete for «Kapteinskapet Øvre Ungarn» og i 1567–1848 som sete for Szepes grevskap (Spiš, Zips). Byen var residens for biskopen av Eger frå 1596 til 1700.[9] Sidan 1657 var han òg sete for det historiske Kassa universitet, som vart forfremma til eit kongeleg akademi i 1777. Det vart omgjort til eit Lågakademi på 1800-talet, og vart lagt ned i 1921. Mot slutten av dei anti-habsburgske opprøra tidleg på 1700-talet dreiv dei austerrikske armeane dei osmanske styrkane tilbake sørover og dei store endringane i landområda skapte nye handelsruter som no gjekk utanom Košice. Byen kom i forfall og gjekk frå å vere ein rik mellomalderby til ein provinsby som hovudsakleg var avhengig av jordbruk.[10] I 1723 vart statuen Immaculata reist der galgen tidlegare stod på Hlavná ulica (Hovudgata) til minne om pesten som råka byen 1710–1711.[11] Bymurane vart øydelagd steg for steg frå seint på 1700-talet til 1856, og berre Skarpretterbastionen stod att med nokre små delar av muren. Byen vart sete for eit eige bispedøme i 1802. Områda kring byen vart åstad for krigshandlingar under revolusjonane i 1848 då den austerrikske general Franz Schlik slo den ungarske armeen her den 8. desember 1848 og 4. januar 1849. Byen vart erobra av den ungarske armeen den 15. februar 1849, men russiske troppar dreiv dei tilbake 25. juni same året.[12]

Košice rundt 1900

På byrjinga av 1800-talet var det tre fabrikkar og 460 verkstader i byen.[13] I 1840-åra vart det grunnlagd sukker- og spikerfabrikkar. Dei første telegrammeldingane nådde byen i 1856 og jernbanen knytte byen til Miskolc i Ungarn i 1860. I 1873 var der alt samband til Prešov, Žilina og Tsjop (i dagens Ukraina). Byen fekk eit offentleg transporsystem i 1891 då hestar drog trikkevogner rundt om i byen. Trikken vart elektrifisert i 1914.[13]

Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart byen ein del av Den austslovakiske republikken, som vart erklært i Košice den 11. desember 1918, og tidlegare i Prešov under vern frå Ungarn. 29. desember 1918 gjekk den tsjekkoslovakiske legionen inn i byen og gjorde han ein del av det nye Tsjekkoslovakia. I juni 1919 vart Košice okkupert igjen, som ein del av Den slovkiske sovjetrepublikken, ein was occupied again, as part of the Slovak Soviet Republic, a proletarisk vasallstat under Ungarn. Tsjekkoslovakiske troppar sikra byen for Tsjekkoslovakia i juli 1919,[14] og dette vart stadfesta med Trianon-traktaten i 1920.

Košice vart gjeven til Ungarn under den første Wien-prisen i 1938, og han var ein del av Ungarn fram til tidleg i 1945. Byen vart bombardert 26. juni 1941, noko som førte til at dei ungarske styresmaktene erklærte krig mot Sovjetunionen dagen etter. Den tyske okkupasjonen av Ungarn førte til at alle dei 12 000 jødane i Košice, og ytterlegare 2000 frå omliggande område, vart deporterte i kvegvogner til konsentrasjonsleirar. Byen vart erobra av sovjetarane i januar 1945, og ei kort stund var han hovudstad i det gjenoppretta Tsjekkoslovakia, fram til den raude armeen nådde Praha.

Etter Kommunistpartiet tok over makta i Tsjekkoslovakia i februar 1948, vart byen ein del av Austblokka. Fleire av dagens kulturinstitusjonar vart grunnlagd og store bustadområde vart bygt rundt byen. Det austslovakiske jernverket førte til at folketalet auka raskt frå om lag 60 000 i 1960 til 235 000 i 1991. Før Tsjekkoslovakia vart delt var han den femte største byen i landet. Etter fløyelsrevolusjonen og opprettinga av Slovakia, vart Košice den nest største byen i landet.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Bydelane i Košice fordelt på dei fire distrikta

Administrativt er Košice delt inn i fire distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy) på linje med distrikta i resten av landet. Kvart av distrikta i byen omfattar fleire bydelar. Dei fire bydistrikta saman med dei sju landdistrikt utgjer regionen Košice kraj.

Her er eit oversyn over bydistrikta og bydelane:

Innbyggjarar

[endre | endre wikiteksten]
Befolkningsstatistikk (10 år)[15]
År1995200520152025
Antal personar240 915234 871239 200222 286
Forskjell −2,50 % +1,84 % −7,07 %
Befolkningsstatistikk[15]
År20242025
Antal personar223 678222 286
Forskjell−0,62 %

Folketalet i dei siste folketeljingane, fordelt på distrikt og bydelar:[16]


Bydelane i dei siste folketeljingane:[16]

Folketal 2001Folketal 2011Folketal 2021
Kavečany1 0101 1801 346
Ťahanovce1 7972 4062 238
Sever20 30920 36819 123
Staré Mesto22 17120 59220 133
Sídlisko Ťahanovce22 52223 25020 863
Džungľa453671750
Košice I okres 68 262 68 467 64 453
Lorinčík361441883
Pereš9901 5532 079
Myslava1 6161 9972 545
Západ40 87040 59937 738
Šaca4 7675 6125 722
Poľov1 0721 1071 192
Sídlisko KVP25 93325 33522 241
Luník IX4 2416 0327 037
Košice II okres 79 850 82 676 79 437
Dargovských hrdinov28 48627 47725 234
Nová Ves2 2592 5712 901
Košice III okres 30 745 30 048 28 135
Barca3 0543 3613 692
Šebastovce584663770
Krásna3 4524 4205 895
Nad jazerom25 13225 70222 686
Juh23 56123 46721 339
Vyšné Opátske1 4531 6292 633
Košice IV okres 57 236 59 242 57 015
Košice by 236 093 240 433 229 040
  1. ↑ tysk Kaschau, ungarsk Kassa, latinsk Cassovia
  1. ↑ Počet obyvateľov podľa pohlavia - SR-oblasť-kraj-okres, m-v (ročne) [om7102rr] (på slovakisk), Bratislava: Statistical Office of the Slovak Republic, 31. mars 2026, Wikidata Q134207026, henta 1. april 2026
  2. ↑ «Zaujímave letopočty z dejín mesta Košice / 1230 - 1526» (på slovakisk). Kosice.sk. Henta 10. juli 2023.
  3. 1 2 «Zaujímave letopočty z dejín mesta Košice - 1143-1560» (på slovakisk). City of Košice. 2005. Arkivert frå originalen 10. mai 2007. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. ↑ «Short History of Košice». City of Košice. 2005. Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ «Z histórie Košíc - 14. storočie» (på slovakisk). City of Košice. 2005. Arkivert frå originalen 25. juni 2007. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Cite has empty unknown parameter: |5= (hjelp); Invalid |url-status=yes (hjelp)
  6. ↑ «Slovenské mestá a ich príbehy - „Ci pana, ta co v tych Košicoch zrobili?"» (på slovakisk). inZine. 2003.
  7. ↑ «Pallas nagy lexikon» (på ungarsk). City of Košice.
  8. ↑ «Tenderlap» (på ungarsk). City of Košice. Arkivert frå originalen 17. mai 2012. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  9. ↑ «A történeti Magyarország katolikus levéltárai / Eger» (på ungarsk). City of Košice. Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  10. ↑ «Z histórie Košíc - 18. storočie» (på slovakisk). City of Košice. Arkivert frå originalen 10. mai 2007. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  11. ↑ «Immaculata». City of Košice. 2005. Arkivert frå originalen 25. september 2006. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  12. ↑ «MEK (Magyar Elektronikus Könyvtár)» (på ungarsk). City of Košice.
  13. 1 2 «Zaujímave letopočty z dejín mesta Košice (1657-1938)» (på slovakisk). City of Košice. Arkivert frå originalen 15. mai 2007. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  14. ↑ «Z histórie Košíc - 20. storočie (Slovak)» (på slovakisk). City of Košice. 2005. Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 9. april 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  15. 1 2 «Počet obyvateľov podľa pohlavia - obce (ročne) [om7102rr_obce=AREAS_SK]». Statistical Office of the Slovak Republic. 31. mars 2026. Henta 31. mars 2026.
  16. 1 2 «STATdata: Population: Population, Housing, and Dwelling Census». Štatistický úrad Slovenskej republiky. Henta 7. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Košice
Reiseguide for Cassovia frå Wikivoyage