Koagulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulike ruter for blodkoagulasjon in vivo visar den sentrale rolla til trombin

Koagulasjon eller levring er prosessen der blod endrar seg frå flytande tilstand til gel. Det kan potensielt føre til hemostase — opphøyret av blodstraum frå øydelagde blodårer — etterfølgt av reparasjon. Koagulasjonsmekanismen omfattar aktivering, adhesjon og aggregering av blodplater, med avsetnad og modning av fibrin. Koagulasjonssjukdommar er sjukdommar som kan føre til bløding (hemoragi eller kontusjon) eller obstruktiv levring (trombose).[1]

Koagulasjon er godt konservert på tvers av biologien; i alle pattedyr omfattar koagulasjonen både ein cellekomponent (blodplate) og ein proteinkomponent (koagulasjonsfaktor).[2] Systemet hjå menneske er det systemet som er mest forska på og best forstått.[3]

Koagulasjon byrjar nesten umiddelbart etter at skade i blodårene har øydelagd den endotele hinna som fôrer innsida av åra. Når rommet under endotelet vert eksponert for blod så set det i gang to prosessar: endringar i blodplatene, og eksponeringa av subendotelial vevsfaktor til faktor VII, som fører til formasjonen av fibrin. Blodplater former ein plugg i skadeområdet; dette vert kalla primær hemostase. Sekundær hemostase byrjar samstundes: ytterlegare koagulasjonsfaktorar eller levringsfaktorar utover faktor VII svarar i ein kompleks kaskade for å danne trådar av fibrin som styrker blodplate-pluggen.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. David Lillicrap; Nigel Key; Michael Makris; Denise O'Shaughnessy (2009). Practical Hemostasis and Thrombosis. Wiley-Blackwell. s. 1–5. ISBN 1-4051-8460-4. 
  2. Alan D. Michelson (26. oktober 2006). Platelets. Academic Press. s. 3–5. ISBN 978-0-12-369367-9. Henta 18. oktober 2012. 
  3. Schmaier, Alvin H.; Lazarus, Hillard M. (2011). Concise guide to hematology. Chichester, West Sussex, UK: Wiley-Blackwell. s. 91. ISBN 978-1-4051-9666-6. 
  4. Furie B, Furie BC (2005). «Thrombus formation in vivo». J. Clin. Invest. 115 (12): 3355–62.