Koba Tsakadze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koba Tsakadze

Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia
Fødd 19. august 1934 (89 år)
Bakuriani
Yrke skihoppar
Koba Tsakadze på Commons
Koba Tsakadze (i midten) saman med Dieter Bokeloh (venstre) og Willi Egger (høgre) i 1962.

Koba Tsakadze[a] (fødd 19. august 1934) er ein georgisk tidlegare skihoppar frå Bakuriani, som representerte Sovjetunionen. Han er Georgias beste skihoppar gjennom tidene, og vann mellom anna to renn i den tysk-austerrikske hoppveka og vart nummer fem i normalbakken i VM i Zakopane i 1962.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tsakadze debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka med 14. plass i Oberstdorf 31. desember 1955. Seks dagar seinare vann han rennet i Innsbruck. Samanlagt vart han nummer fem i hoppveka 1955/56. Han vann så nyårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen den 1. januar 1961, og vart nummer fire samanlagt i hoppveka 1960/61. Seinare i 1961-sesongen var han ein av tre hopparar som delte sigeren i hopprennet i Lahti; Veikko Kankkonen frå Finland og Otto Leodolter frå Austerrike var dei andre. Ni år seinare vart Tsakadze nummer tre Lahti, då Garij Napalkov frå Sovjetunionen vann framom Bjørn Wirkola frå Noreg. Både i 1961/62 og 1971/72 kom Tsakadze på sjuandeplassen i hoppveka.

Tsakadze deltok i VM i 1958, 1962, 1966 og 1970. Beste resultata var femteplassen i normalbakken i Zakopane i 1962 og sjetteplassen i storbakken i Oslo i 1966. Han var med i dei olympiske vinterleikane i 1956, 1960, 1964 og 1972. To niandeplassar var hans beste prestasjonar i dei olympiske skibakkane; den fyrste oppnådde han i Squaw Valley i 1960 og den andre i normalbakken i Sapporo i 1972.

Sonen Kakhaber Tsakadze deltok for Georgia i hopptevlingar i både OL, VM og verdscupen, men utan å nå høgt opp på resultatlistene.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Коба Цакадзе, georgisk skrift კობა წაქაძე

Kjelder[endre | endre wikiteksten]