Kobbholmfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°46′39.101″N 30°44′20.612″E Kobbholmfjorden (samisk Vuorkelvuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Bortsett frå Varangerfjorden er dette den austlegaste fjorden i Noreg. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørvestover til Stasjonsberget i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Heikenset i vest og Skjergardsneset ved Grense Jakobselv i aust. Like ved innløpet til fjorden ligg Kong Oscar IIs kapell på austsida. Det ligg fleire holmar i den ytre delen av fjorden, som Ytre, Midtre og Indre Kobbholmen og Flatskjeret.