Kobe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kobe
Skumring i Kobe i 2009.
Skumring i Kobe i 2009.
Flagget til Kobe Byvåpenet til Kobe
Flagget til Kobe Byvåpenet til Kobe
Styresmakter
Land Japan
Borgarmeister Tatsuo Yada
Geografi
Flatevidd
 - By

552.80 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

1,533,852
  2768/km²
Koordinatar 34°41′″N 135°12′″EKoordinatar: 34°41′″N 135°12′″E
Tidssone UTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside: http://www.city.kobe.jp/
Plassering
Plassering av  Kobe

Kobe er ein hamneby i prefekturet Hyōgo i Kansai på øya Honshu i Japan. Kobe er den sjette største byen i Japan med over 1,5 millionar innbyggjarar. Kobe ligg ved Osaka-bukta, 3 mil vest for Osaka.

Jordskjelvet[endre | endre wikiteksten]

I 1995 vart Kobe råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,8 på Richter-skalaen. Over 6,400 menneske miste livet, og m.a. vart hamneanlegget øydelagt. Hamneanlegget vart gjenoppbygd etter jordskjelvet.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Det er mykje industri i Kobe; dette omfattar både tungindustri, moteindustri og næringsmiddelindustri. Her ligg fleire universitet og ymse høgskular, fleire store parkar, eit akvarium og fleire museum.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Verdas lengste hengebru, Akashi-Kaikyo-brua, som opna i 1998, går frå Kobe og ut til øya Awaji. Både vegnettet og jarnbanen er godt utbygd, og det finst fleire flyplassar i nærleiken.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ved Kobe ligg også dei varme kjeldene Arima Onsen. Byen er også vidgjeten for eit spesielt oksekjøt frå Kobe. Ein jazzfestival vert halden her kvart år, det finst mange ulike idrettslag frå Kobe, m.a. ein eigen golfklubb og segleklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]