Kodal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°12′49″N 10°8′26″E

Kodal
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Sandefjord
Areal 0,62 km²
Folketal 1 004 (2017)
Folketettleik 1 619 / km²
Postnummer 3243 KODAL
Wikimedia Commons: Kodal

Kodal er ein tettstad, ei bygd og eit kyrkjesokn i Sandefjord kommune i Vestfold fylke. Tettstaden har 1 004 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg elleve kilometers køyring sør for tettstaden Andebu.

Høyjord, Kodal og Andebu utgjorde tidlegare Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.

Her ligg barneskulen Kodal skole, og staden har daglegvarebutikk, bensinstasjon, barnehage og idrettsanlegg. Kodal kyrkje frå kring år 1100, ligg på Prestebøen 2,5 km nordvest for sentrum i tettstaden.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Ved Kodal finst ein større jern- og fosforførekomst. Han har oppstått i tilknyting til nefelinsyenittar i Oslofeltet og består av ein fosfatrik bergart med mykje av dei jern- og titanrike minerala ilmenitt og ilmenomagnetitt. Bergarten, som er ein alkalipyroksenitt, er tidlegare vorte kalla jacupirangitt. Malmressursane er rekna til å vere 100 millionar tonn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.